Frisklivssentralen

Frisklivssentralen hjelper og støttar personar som ynskjer å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald, søvn, eller snus- og røykeslutt gjennom individuelle samtalar, gruppebaserte tilbod og kurs.

Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deg til Frisklivssentralen. Du kan og ta kontakt sjølv.

Frisklivssentralen skal fremje fysisk og psykisk helse, og førebyggje eller begrense utvikling av sjukdom ved å:

  • gjeva støtte og rettleiing til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.
  • gjeva hjelp til å finne fram til lokale tilbod og aktivitetar som passer for den enkelte brukar.
  • styrke innbyggjarane sin kunnskap om levevanar og helse.

Tilbod gjennom Frisklivssentralen i Tokke

Frisklivssentralen i Tokke har tilbod om gruppetimar vekentleg: bassengtrening i Tokkebadet, sirkeltrening på Elvarheim og 60+ styrketrening på Tokkegym. Nokre av timane krev påmelding og eigenandel.

Følg med på facebooksida «Frisklivssentralen i Tokke» for oppdateringar!

*Sirkeltrening

Når: Fredagar kl.10-11 frå 16.oktober
Kor: Elvarheim
Målgruppe: Alle som ynskjer funksjonell styrketrening for heile kroppen. Nivået på treninga vert tilpassa kvar enkelt deltakar.
Booking: Deltaking krev ikkje booking.

*Bassengtrening

Når: Torsdagar kl.10-11 frå 22.oktober
Kor: Tokkebadet
Målgruppe: tilbod til personar som treng ein alternativ treningsmetode, og ikkje kan nytte seg av anna tilbod.
Booking: Deltaking krev booking på www.tokkenett.no Lenke til et annet nettsted.. Maks 10 personar.
Pris: Eigenandel, følgjer takstplakat opp til frikort.

*60+ styrketrening

Når: Tysdagar kl. 10.00 - 11.00 frå 15. september
Kor: Tokkegym
Målgruppe: tilbod for vaksne over 60 år som ynskjer variert styrketrening der ein sjølv har moglegheit for å styre treninga. Fysioterapeut vil vere til stade for rettleiing ved behov.
Booking: Deltaking krev ikkje booking. Om du ynskjer å bli med i gruppa, ta kontakt med fysioterapeutane på førehand.

Sov godt-kurs

Ein mogleg veg ut av søvnvanskar

Søvnvanskar er ei av dei vanlegaste helseutfordringane i befolkninga. Mange slit med søvnen, og dårleg søvn kan påverke både helse, energi og livskvalitet.

Difor ynskjer me å tilby eit kurs for innbyggjarar i Vest-Telemark som har søvnvanskar, særleg insomni.

Insomni er ei søvnforstyrring der ein over tid har problem med å sovne, søv uroleg gjennom natta eller vaknar for tidleg utan å få sove att.

Sov godt er eit søvnkurs utvikla av Helsedirektoratet i samarbeid med frisklivssentralane for personar som opplever søvnvanskar. Målet med kurset er å gje deltakarane kunnskap om korleis søvn fungerer, kva faktorar som påverkar søvnkvaliteten, og konkrete verkty for å betre søvnen utan bruk av medisinar.

Kurset byggjer på metodar frå kognitiv åtferdsterapi for insomni og lærer mellom anna gode søvnvanar, stimuluskontroll, avspenningsteknikkar og strategiar for å handtere tankar og vanar som kan bidra til søvnvanskar. Målet er å styrkje deltakarane si evne til å meistre eigen kvardag og oppnå betre søvn og auka livskvalitet.

Frisklivssentralen i Tokke, i samarbeid med Friskliv og Meistring i Vinje, arrangerer kurset i Åmot i Vinje hausten 2026. Kurset går over fem samlingar.

Vinjehuset i Åmot, Vinje - Raulandsvegen 60, 3890 Vinje

  • Torsdag 15.10. kl. 09.30–11.30
  • Torsdag 29.10. kl. 09.30–11.30
  • Torsdag 05.11. kl. 09.30–11.30
  • Torsdag 12.11. kl. 09.30–11.30
  • Torsdag 26.11. kl. 09.30–11.30

For påmelding, ta kontakt med:

Frisklivssentralen i Tokke (Jette Bergfjord, tlf. 46 93 14 27) eller

Friskliv og Meistring i Vinje (Mirjam Ravneng, tlf. 90 28 97 47)

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?