Helsestasjon for ungdom (HFU)

Treng du nokon å snakke med?

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for deg mellom 13 og 23 år. Her kan du snakke med helsesjukepleiar om det du lurar på – stort eller smått. Dei som jobbar her har teieplikt, så du kan kjenne deg trygg på at det du fortel blir mellom dykk.

Du kan kome innom på drop-in, eller bestille time dersom du ynskjer det. Dersom du har behov for å snakke med jordmor eller lege, hjelper helsesjukepleiar deg med å setje opp time.

Dette kan du få hjelp med:

  • Prevensjon, graviditet og seksuell helse
  • Test og informasjon om seksuelt overførbare infeksjonar (SOI)
  • Kropp, pubertet, seksualitet og identitet
  • Kjærleik, forhold og seksuell orientering
  • Tankar og kjensler, psykisk helse og trivsel
  • Mobbing, stress, einsemd og utfordringar i kvardagen
  • Mat, kosthald og spørsmål om kropp og helse
  • Rus og andre bekymringar
  • Seksuelle overgrep eller andre vonde opplevingar
  • Råd og rettleiing på telefon

Det er heilt vanleg å ha spørsmål eller ting ein strevar med. På HFU møter du vaksne som lyttar, tek deg på alvor og ynskjer å hjelpe.

Nyttige nettsider:

Trykk her for å finne informasjon om helsestasjon for ungdom (HFU) på Helsenorge. Lenke til et annet nettsted.

På denne sida finn du óg lenker til viktige sider som:

  • Ung.no
  • Barneombudet
  • Sex og samfunn
  • Skeiv ungdom
  • SMISO - Støtesenter mot incest og seksuelle overgrep
  • Mental helse ungdom
  • Amathea - veildning før, under og etter abort
  • Ungdom og sorg

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?