TT-kort, parkeringsløyve, følgjeløyve

Kommunen har ansvar for at personar som oppheld seg i kommunen får tilbod om naudsynte helse- og omsorgstenester.
Teneste/tildelingskontoret i Tokke kommune gjev informasjon om ulike tenester, mottek og handsamar søknader, og gjer vedtak. Tenestekontoret/tildelingskontoret er ei koordinerande eining for helse- og omsorgstenestene med ansvar for habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator for dette.

Tenestekontoret tildeler:

- lovpålagde helse- og omsorgstenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, pasient- og brukerrettighetsloven og forskriftene knytt til lovene.

-Ikkje lovpålagde tenester etter forvaltningsloven: Startlån etter forskrift frå Husbanken

Tenestekontoret hentar informasjon og kartlegg trongen for tenester i samråd med brukaren/pasienten eller deira representant. For å sikre god individuell handsaming og rettstryggleik treng tenestekontoret fullmakt til å innhente naudsynte opplysingar, sjå punktet om informert samtykke og fullmakt på søknadsskjemaet.

Teneste/tildelingskontoret skal sørgje for at:

-søkjarane får god og tilstrekkeleg rettleiing og informasjon om tenestene, rettar og plikter.
-dei ulike tenestene til brukarane og pasientane vert samordna og at tenestene er forsvarlege

Tenestekontoret formidlar og søknadar om tenester på feltet helse og omsorg som gjeld:

Ikkje lovpålagde tenester etter forvaltningsloven:
- Følgjeløyve etter nasjonale retningsliner for følgjeløyve
- TT-kort (tilrettelagd transport) etter retningslinene for Telemark fylkekommune                                                                                                                                                                            
- Parkeringsløyve ved rørslehemming  

 

 Rettleiing - nasjonale retningsliner for ledsagerbevis for funksjonshemma Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Søknadsskjema:

TT kort søknadsskjema Tilrettelagt transport pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.

TT-kort Legeerklæring pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.

Informasjon om TT ordninga Nynorsk i Vestfold og Telemark docx, 24 kB, åpnes i nytt vindu.

Søknad om Parkeringsløyve pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.

Parkeringsløyve Legeerklæring pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.

Følgjeløyve doc, 34 kB, åpnes i nytt vindu.

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?