Legekontor

Vi er eit legekontor med fire fastlegar. Fastlegane vikarierar for kvarandre ved fråver, men i hovudsak vil du få tilbod om legehjelp frå fastlegen din.

I tillegg har me ein LIS1-lege som er hjå oss i seks månadar om gongen (LIS1 er det som før blei kalla turnuslege). LIS-1 legen heiter no Timosije Jovanoski. Han er registrert i Helsenorge under kvar fastlege som vikar, og har også timar for sjølvbooking.

Vi ynskjer helst at du kontaktar legekontoret direkte via Helsenorge.no, eller via appen til Helsenorge. Det kan til dømes vere for å finne og bestille legetime, samt fornye reseptar. Viss du har behov for hjelp til dette, kan du ringe 35075560.

Tokke legekontor kan ikkje tilby offshore-attestar.

Beskjed og varslar kan bli sendt direkte i Helsenorge-appen utan varsel på sms.
For hjelp til å koma i gang med Helsenorge, trykk her. pdf, 3 MB.

Kreftkoordinator er på legekontoret kvar måndag.

Last ned Helsenorge-appen her:

Du kan bestille time på fleire måtar:

  • Bestill time hjå din fastlege på Helsenorge. Du vil då få opp fastlegen og LIS 1 sin kalender som viser kva timar som er ledig. Du kan velje den tida som passar deg best. Finn du ingen ledig time, kan du sjekke neste dag.
  • Treng du tolk, har behov for celleprøve, gynekologisk undersøking, fjerne sting eller sårskift? Eller får du ikkje bestilt time via Helsenorge, ring legekontoret.
  • Treng du time på dagen, for nyoppståtte helseplager som ikkje kan vente, må du ringe legekontoret.Telefonnummer legekontor: 35075560

Bestille time via Helsenorge kan du gjera her. Lenke til et annet nettsted.

Lars Håvard Eriksen og Karin Østerhus brukar også E-konsultasjon.
Ved E-konsultasjon betalar du ein vanleg konsultasjonstakst. Du sender ei skriftleg melding ved å svare på ein del spørsmål, og i løpet av 5 dagar vil du få eit skriftleg svar tilbake frå fastlegen.

Me oppmodar om å avbestille timen din, dersom du ikkje lenger har behov for timen. Då kan andre få nytte denne tida.

Du kan avbestille timar på Helsenorge, eller du kan ringe oss.

Avbestilling må skje seinast 24 timar før timen, om ikkje blir du belasta med gebyr for å ikkje ha møtt.

Hjå legen får du spørsmål om du kan ta imot faktura på mobil, eller om du vil ha faktura tilsendt i posten utan gebyr. Om du ynskjer faktura på mobil vil du etter endt legekonsultasjon få ein sms der du kan velje mellom 3 betalingsmåtar:

  1. Vipps
  2. Betal om 14 dagar - faktura
  3. Betal med kort

Ynskjer du å betale med Vipps eller kort må fakturaen betalast innan 48 timar. Om du ikkje betalar innan 48 timar blir det automatisk sendt ut faktura med gebyr via epost (om legekontoret har lagt inn di epostadresse) eller via post.

Sjå her for meir informasjon Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Det er mogeleg å få fullmakt for å bruke Helsenorge på vegne av andre.

Les meir om dette her Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?