Tokke-Vinje legevakt

Ved alvorleg skade/akutt sjukdom - ring medisinsk nødtelefon 113

Legevakttelefonen blir svara av stasjonær sjukepleiar frå kl 08 - 22 alle dagar, heile året.
På natt kl. 22 - 08 blir telefonnummer til legevakta svara av sjukepleiar ved Tinn legevakt, som ved behov, formidlar kontakt med vaktlegen i Tokke - Vinje legevaktdistrikt. Vårt vaktdistrikt har lege og sjukepleiar i vakt heile døgnet.

På dagtid virkedagar blir telefonar til legevakta frå personar som oppheld seg i Tokke, og som blir vurdert til å ha behov for legehjelp, vidareformidla til Tokke legekontor, Revahaugvegen 4, 3880 Dalen. Tlf 35 07 55 60.

Sjukepleiar ved legevaktsentralen svarar på alle kontaktar frå publikum. Sjukepleiar hastegradsvurderar alle kontaktar til legevakta i tråd med nasjonale støtte- og avgjerdsverkty for legevaktar og AMK-sentralar.
Nødvendige tiltak, som konsultasjon eller sjukebesøk frå vaktlege, og/eller kontakt med AMK -sentral / rekvirering av ambulanse, vil bli iverksett etter behov.
Sjukepleiar gjev også medisinsk råd og rettleiing på telefon.

Av og til treng du å koma i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du sjølv oppheld deg, til dømes dersom du ringjer for eit familiemedlem. Alle legevaktene har difor eit eige nummer dei også kan kontaktast på, for Tokke – Vinje legevakt er dette nummeret framleis 35 06 25 55.

Her Lenke til et annet nettsted. kan du lese meir om legevaktordninga.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?