Pårørandeskule

Pårørandeskule - hausten 2026

Foto: Colourbox

Kva er pårørandeskule?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom, og som bur i Vinje eller Tokke kommune. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege førelesingar, plenums- og gruppesamtaler får du kunnskap om demens og innsikt i kva følger sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Praktiske opplysningar

Stad: Trevet (biblioteket i Åmot)
Påmelding: Innan 20.08.26
Kursavgift: Gratis

Tidspunkt for alle dei fire samlingane er kl 17-19.30. Det blir ei pause midtvegs med enkel servering.

Til foredraget 26/8 vil også tilsette i helsetenesta bli invitert.

For påmelding, kontakt:
Marianne Eriksen, demenskoordinator i Vinje kommune.
Tlf (dagtid): 90 91 44 69
E-post: Marianne.Eriksen@vinje.kommune.no

Program hausten 2026

Dato

Tema

Forelesar

26.08.

Dei ulike demenssjukdomane, symptom, utredning, behandling

Samtale/informasjon

 

Ulrikke Sagen Vik, overlege Alderspsyk., avd. Skien

Marianne Eriksen, demenskoordinator, Vinje kommune

03.09.

Kommunikasjon og samhandling, endring i åtferd m.m.

Maja Aanderaa Evjen, spes.sjukepleiar og leiar av demensnettverket Telemark

10.09.

Hjelpemiddel, velferdsteknologi og praktiske råd i kvardagen

Johanne Liebig-Larsen, ergoterapeut

Asle Fjellestad, heimevaktmeister

17.09.

Kommunale tenester

"Den lange sorga", korleis ta vare på seg sjølv som pårørande

Likeperson, erfaringar frå ein pårørande

 

Avslutning, evaluering og informasjon om samtalegrupper

Mona Haugen, leiar for koordinering og tildeling, Vinje kommune

Eilev Erikstein, Prostidiakon

Aud Lie Solheim, Nasjonalforeningen for folkehelsen