Psykisk helse og rus
Tenesta arbeider med å fremme psykiske helse, førebygge og behandle psykiske lidingar og utfordringar knytt til rus og psykiatri, samt undervise og auke interessa for korleis ein betre kan ta vare på den psykiske helsa.
Psykisk helse er eit lågterskeltilbod. Du kan sjølv ta kontakt for å be om ei teneste, eller du kan bli henvist frå fastlege, helsesyster, NAV eller anna instans. Den som vert henvist må samtykke i henvisninga.
Psykisk helse og rus avdelinga er eit helsetilbod til deg som bur eller oppheld deg over tid i Tokke kommune.
Det er behovet ditt som avgjer om du vil få tenesta.
Tilbodet gjeld born, unge, vaksne og familiar. Det er og eit tilbod for pårørande og til psykisk liding og rus.
Tenesta omfattar
- Individuelle samtaler, oppfølging i heimen eller på kontoret til psykisk helse
- Miljøarbeid, i grupper og individuelt
- Burettleiing
- Hjelp til meistre og koordinere kvardagen
- Koordinering av tenester, lokalt og opp mot 2. linje helsetenesta, deltaking i ansvarsgrupper og samarbeidsmøter
- Bistand til å utarbeide individuell plan
- Rettleiing, undervisning og informasjon
- Bistand til å bearbeide og meistre kriser
- Kontakt med pårørande
- Oppfølging av menneske som strevar med rus, eller som lever med menneske som har eit rusproblem.
Tenesta omfattar ikkje akuttfunksjonar Dette blir ivareteke av legevakt.
Sist oppdatert
