Interkommunal psykologteneste
Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal og Tokke har gått saman om å opprette stilling som kommunepsykolog. Stillinga vart oppretta i 2019, med barn og unge som fokusområde. Førebels er det tilsett ein kommunepsykolog, men det blir jobba for å få ein psykolog til.
Den interkommunale psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane. Psykologen rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff ho også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.
Spørsmål til kommunepsykologen blir retta gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern eller PPT.
Tilbodet er gratis.
Sist oppdatert