Rask Psykisk Helsehjelp

Det er heilt vanleg å oppleve periodar i livet der bekymringar, stress, angst eller nedstemtheit tek meir plass enn ein ynskjer. Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark er eit gratis lågterskeltilbod for deg over 16 år som ynskjer hjelp til å meistre slike utfordringar.

Hos oss treng du ikkje tilvising frå lege – du kan ta kontakt direkte.

Kort fortalt

  • Gratis tilbod
  • For personar over 16 år
  • Ingen tilvising frå lege – du kan ta kontakt direkte
  • Kurs, grupper, rettleidd sjølvhjelp og individuelle samtaleforløp
  • Kontor i alle kommunane i Vest-Telemark

❗ Viktig å vite

Rask psykisk helsehjelp er ikkje eit akutt- eller krisetilbod. Tilbodet er retta mot personar med milde til moderate psykiske helseplager.

Tilbodet omfattar ikkje alvorlege psykiske lidingar, alvorleg rusproblematikk eller akutt sjølvmordsfare.

Treng du akutt hjelp, kontakt fastlegen din eller legevakta på telefon 116 117.

Kontakt og påmelding

Har du spørsmål, eller ynskjer du å ta kontakt med oss?

📞 Telefon: 906 70 130
✉️ E-post: rph@vest-telemark.no

👉 Kontaktskjema - individuelle samtalerLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.Lenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.

👉 Kontaktskjema - kurs og grupperLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.Lenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.

Me ber deg om å ikkje sende sensitive opplysningar på e-post. Bruk kontaktskjemaet over dersom du ynskjer helsehjelp eller vil melde deg på kurs/grupper.

Fylg oss på Facebook

På Facebook-sida vår deler me jamleg informasjon om kurs og gruppetilbod, nyttige råd og kunnskap om psykisk helse, og oppdateringar om kva som skjer i Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark.

➡️ Fylg oss her Lenke til et annet nettsted.

Fann du det du leita etter?