Startlån, tilrettelegging av bustad

Startlån fra kommunen vil hjelpe deg som har hatt problem med å få lån i vanleg bank til å kjøpe eller tilpasse eigen bustad.

Les meir her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Har du behov for å endre bustaden din fordi du er eldre eller har nedsett funksjonsevne?
Det finst både lån og tilskot som kan hjelpe deg med å gjere nødvendige endringar i bustaden din, slik at det blir mogleg for deg å bu heime lenger.

Eldre og personar med nedsett funksjonsevne kan ha behov for å tilpasse eller oppgradere bustaden sin for å kunne bli buande over tid. I nokre tilfelle kan det dreie seg om mindre tilpassingar, som til dømes å fjerne tersklar eller å byggje ei rampe ved inngangen. I andre tilfelle kan det vere behov for større ombyggingar.

(Tokke Kommunen har ikkje lenger eige tilskot til tilpassing av eigen bustad.)

Dette er låne- og tilskotsordningane du kan søkje om:

Du kan søkje startlån i kommunen din dersom du

  • er eldre og bur i ein bustad som ikkje lenger er eigna for deg
  • har nedsett funksjonsevne og må tilpasse bustaden din

Det er kommunen som behandlar søknadene og som gir lån. Det er ikkje nødvendig med eigenkapital for å få startlån. Men du må ha tilstrekkeleg inntekt til å dekkje utgiftene på startlånet, i tillegg til andre nødvendige utgifter.

Les meir om startlån Lenke til et annet nettsted.

Du kan òg søkje lån frå Husbanken for å oppgradere bustaden. Oppgraderinga må auke tilgjengelegheita i bustaden vesentleg.

Les meir om lån frå Husbanken Lenke til et annet nettsted.

I 2026 kjem ei ny tilskotsordning for deg som vil oppgradere bustaden for å gjere han meir brukarvenleg. Husbanken jobbar no med å utvikle ordninga, og søknaden vil opne sommaren 2026.

Les meir om tilskot til oppgradering Lenke til et annet nettsted.

Har du låg inntekt og vanskar med å betale buutgiftene dine? Då kan du ha rett på bostøtte.

Les meir om bostøtte Lenke til et annet nettsted.

Dersom du har ei funksjonsnedsetjing, kan tilpassing og hjelpemiddel gjere deg meir sjølvhjelpen og i stand til å bli buande heime. Kommunehelsetenesta kan gi råd om tilrettelegging av bustaden og hjelpe deg med å finne aktuelle hjelpemiddel.

Du kan òg lese utfyllande artiklar om tilrettelegging av bustad på kunnskapsbanken.net Lenke til et annet nettsted..

Dersom du har vanskar med tilkomst til og i bustaden din, for eksempel fordi du bruker rullestol, kan tilskot til ombygging vere eit godt alternativ til hjelpemiddel. Tilskotet skal dekkje delar av utgiftene til ombygging av bustaden din, slik at du kan få alt på eitt plan.

Les meir om tilrettelegging her Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?