Tokkebadet

Stengt for vårsesongen frå og med 19. april 2026
Tokkebadet finn du i Tokke kulturhus, på Dalen.
Det er to basseng, eit på 12,5 meter med temperatur på 28 grader, og eit terapibad med 34 grader. I terapibadet er det babybasseng, sitteavdeling med bobler for avslapping, og kaldkulp.
Det er vanleg at symjehallane er stengt i samband med vedlikehaldsarbeid.
Tokkebadet har ikkje kortautomat. Betalingsmåte er Vipps (126594 Tokkebadet), eller kontant.
Sesong- og årskort kjøper du med Vipps hos badevakta. Vipps-kvitteringa er bevis på sesong- og årskort. Denne kvitteringa viser du til badevakta.Dersom du heller vil betale sesong- og årskort med visakort, må du gjere det i resepsjonen på Tokke kommunehus.
Sesongkort er gyldig enten haust (f.o.m opning av badet t.o.m 31. desember), eller vår (f.o.m 1. januar t.o.m stenging av badet).
Årskort fylgjer vanlegvis opningsperioden haust til vår, men kan også gjelde frå 1. januar til 31.12 dersom du heller ynskjer det.
Prisar
Symjehall
Born/ skuleungdom kr 30
Honnør kr 30
Vaksne kr 50
ÅRSKORT/SESONGKORT
Born/skuleungdom kr 550,- ( kr 300,- for ½ sesong, haust eller vår)
Honnør kr 700,- (kr 400 for ½ sesong, haust eller vår)
Vaksne kr 1100,- (kr 600 for ½ sesong, haust eller vår)
Familie: (vaksne + barn t.o.m. 15 år) kr 2200 (kr 1200 for ½ sesong, haust eller vår)
Sist oppdatert
