Utmark, jakt og fiske

Grunneigarar i Tokke kan få hjelp av kommunen til profilering dersom dei ynskjer å selje fiskekort eller leige ut småviltjakt.
Utleige småviltjakt
Tokke kommune leiger ut småviltjakt på kommunal eigedom på Skafsåheia.
Det er mogeleg å jakte på rype, skogsfugl, hare og rev.
Klikk her for meir informasjon. Lenke til et annet nettsted.
Småvilt
Tokke kommune har vedteken lokal forskrift som seier at bever no kan jaktast på som småvilt. Fellingsløyve blir difor ikkje lenger gjeve.
Lokal forskrift Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Fallvilt og ettersøk
Leiar i Tokke Jegekorps er Knut Gaastjønn
Vakttelefon
tlf. 97 68 94 03
Fellingsavgift
Vaksen elg 620 kr
Kalv elg 370 kr
Vaksen hjort 480 kr
Kalv hjort 290 kr
Bankkontonr. for innbetaling: 3000.67.25674
Bandtvang
Det er generell bandtvang i Tokke, jf. Lov om hundehald (hundelova) Lenke til et annet nettsted. frå 1. april – 20. august.
Tokke kommune har ei eiga forskrift hundehald i kommunen. Lenke til et annet nettsted.
Jegerprøve
Jegerprøveeksamen kan takast frå det året du fyller 14 år. Du må vera fylt 16 for å kunne drive sjølvstendig småviltjakt og fangst, og 18 år for å drive sjølvstendig storviltjakt. Frå 14 til 16 år kan du vera med på opplæringsjakt, med ein erfaren jeger, utan å ha teke jegerprøva. Etter fylte 16 år, må jegerprøva vere teken.
Jegerprøveeksamen består av eit obligatorisk kurs og ein skriftleg eksamen. Kursa blir arrengert av av lokale Jeger- og fiskeforeningar. Kommunen arrangerar eksamen i samarbeid med kursarrangør.
For å kunne gå opp til eksamen må du ha gjennomført det obligatoriske kurset og framlegge bevis for betalt eksamensgebyr. Dersom du består prøva blir du registrert i jegerregisteret og får tilsendt jegeravgiftskort.
Dersom du ynskjer å delta på kurs i Vinje, tek du kontakt med Tokke Jeger og fisk.
Fiske
Det er fleire aktørar som tilbyr fiskekort i kommunen. Nokre av dei finn du på www.inatur.no Lenke til et annet nettsted. Det er også mogleg å kjøpe fiskekort på Dalen turistkontor.
Bruk av termisk sikte ved hjortejakt
Tokke kommune har no vedteke lokal forskrift som opnar for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Heimelen for forskrifta er forskrift om utøving av jakt, felling og fangst § 29a fjerde ledd.
Dette gjeld frå 10. september 2026.
Vi minner om at:
- Bruken er avgrensa til jakt på hjort i ope terreng.
- Felt hjort skal registrerast i appen Sett og skutt.
- Dersom termisk eller restlysforsterkande siktemiddel er nytta ved fellinga, skal dette og registrerast i "Sett og skutt" (Hjortevilregisteret).
Kunngjering - forskrift om jakt på elg, hjort og rådyr i Tokke kommune
Formannskapet vedtok 10.09.2026 ny forskrift om jakt på elg, hjort og rådyr i Tokke kommune etter hasteføresegna i kommunelova § 11-8. Forskrifta opnar, med heimel i forskrift om utøving av jakt, felling og fangst § 29a fjerde ledd, for bruk av termiske siktemiddel og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng.
Forskrifta fastset at fellingsavgifta for elg og hjort blir sett til maksimal sats gjeven i Stortinget sitt budsjettvedtak.
Jegerar pliktar å registrere bruk av termiske siktemiddel eller restlysforsterkande siktemiddel i Hjorteviltregisteret ved rapportering av felt hjort gjennom appen «Sett og skutt».
Forskrifta tredde i kraft 10.09.2026. Frå same tidspunkt blei tidlegare forskrift om jakt på elg, hjort og rådyr i Tokke kommune oppheva.
Ved spørsmål kan Tokke kommune kontaktast på e-post: postmottak@tokke.kommune.no.
Forskrift om jakt på elg, hjort og rådyr i Tokke kommune, finn du her. pdf, 53 kB.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
