Fakturaer og betaling

eFaktura

Alle som ynskjer eFaktura frå Tokke kommune må krysse av for "ja takk til alle" i sin nettbank.

Bedrifter kan då nytte opplysningane den har om deg, som namn, adresse, eventuelt mobilnummer og epostadresse, til å søkje opp din unike eFakturaadresse og sende deg eFaktura. Efaktura gjer at du enkelt får rekningane for kjøp av varer og tenester frå bedrifter, dersom du har takka "ja takk til alle" på ein betalingsflate som tilbyr eFaktura. Du mottar eFaktura enten i nettbank, Vipps eller mobilbank, og dei må godkjennast eller slettast der.

Me oppmodar alle til å velje eFaktura. Då unngår ein feil ved betaling, og færre papirfakturaer.

eFaktura fungerar ikkje mot organisasjonsnummer, berre personnummer. Bedrifter må nytte EHF - faktura.

Papir i postkassa

Du får faktura med post om du ikkje har oppretta Avtalegiro eller eFaktura i nettbanken din.

EHF - faktura

Send oss organisasjonsnummeret om du ynskjer dette.

Fleksibel fakturering på kommunale avgifter (renovasjon, feiing/tilsyn og renovasjon)

Du kan velje mellom:

  • Faktura 1 gong i året (februar
  • Faktura 2 gonger i året (februar, august)
  • Faktura 4 gonger i året (februar, mai, august, november)
  • Faktura 12 gonger i året (kvar månad)

Dersom du unskjer å endre til eit anna intervall, sender du ein epost til: postmottak@tokke.kommune.no 

Skriv kva intervall du ynskjer, namn, adresse og  gards- og bruksnummer det gjeld. Dersom du ikkje har høve til å sende epost, kan du ringe tlf. 35 07 52 00.

Dersom du ikkje ynskjer endring, blir det 4 gonger i året.

 

Kredinor handterar no inkasso for Tokke kommune

Frå hausten 2026 er det Kredinor som tek seg av innkrevjing av ubetalte rekningar på vegne av Tokke kommune.

Det betyr at dersom du ikkje betalar ein faktura frå kommunen, kan du få inkassokrav frå Kredinor.

Korleis fylgjer me opp ein ubetalt faktura?

  • Først sender kommunen ut ein faktura.
  • Dersom du ikkje betaler han, får du eit inkassovarsel frå Kredinor.
  • Dersom du framleis ikkje har betalt, blir fakturakravet sendt til inkasso, og du får eit inkassokrav frå Kredinor.

Kvifor tek Kredinor over denne oppgåva?

Kommunen vurderer kontinuerleg om oppgåver kan løysast på andre og meir effektive måtar. Etter ein anbodsrunde vart Kredinor valt til å ta over denne oppgåva.

Kva betyr dette for deg?

  • Du vil få informasjon og oppfølging frå Kredinor dersom ein faktura går til inkasso.
  • Kommunen har stilt krav om at det skal vere enkelt å kome i kontakt med Kredinor, både for innbyggjarar og næringsliv.
  • Det er viktig for oss at innkrevjinga skjer på ein ryddig og respektfull måte.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om ei sak som er sendt til inkasso, skal du no kontakte Kredinor direkte.

Kontaktinformasjon til Kredinor:

  • Kundesenter: Telefon 21 60 92 00 (ope måndag til fredag kl. 08.00-18.00)
  • Kredinor MinSide, open heile døgeret: www.kredinor.no
  • E-post: kundeservice@kredinor.no

Tokke kommune kan ikkje svare på spørsmål om inkassosaker som er utsende

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?