Detaljregulering for Nesmarkåsen - Åmdals Verk
PlanID 20250002
I samsvar med §§ 12-8 og 12-3 i Pbl varslar Tokke kommune at det blir sett i gang arbeid med detalj-regulering for Nesmarkåsen bustadfelt på Åmdals Verk i Tokke kommune. Planområdet utgjer om lag 107 daa på gnr./bnr. 143/2. Plangrensa kan bli justert/redusert undervegs i arbeidet.
Føremålet er å legge til rette for eit naturprega bustadfelt med romslege tomter. Det skal vera moglegheit å føre opp einebustad og garasje på kvar tomt.
Planen utløyser krav om KU jf. Forskrift om konsekvensutredninger. Forslag til planprogram blir difor sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn samstundes med varsel om oppstart av planarbeidet, jf. Pbl §§ 4-1 og 12-9.
Alle kan koma med innspel til planarbeidet, og sende det skriftleg til Tokke kommune på til postmottak@tokke.kommune.no innan 19. mars 2026.
Varslingbrev og forslag til planprogram finn du her:
Varslingsbrev pdf, 1015 kB.
Forslag til planprogram pdf, 1 MB.
Du finn også relevante dokument i kommunen sitt planregister her Lenke til et annet nettsted..
Spørsmål kan rettast til arealplanleggar Jenny Fetveit på e-post jenny.fetveit@tokke.kommune.no eller tlf. 960 11 893.
Det vil bli gjeve informasjon om planarbeidet på informasjonsmøte 29. januar kl. 19.00 på samfunnhuset på Åmdals Verk.
Sist oppdatert
