Varsel om oppstart av planarbeid Temaplan for naturmangfald med framlegg til planprogram
Tokke kommune varslar med dette oppstart av arbeid med Temaplan for naturmangfald og offentleg høyring av framlegg til planprogram.
Tokke kommune har store og varierte naturverdiar av både regional og nasjonal betydning, men manglar eit samla og oppdatert kunnskapsgrunnlag for naturmangfaldet i kommunen. Kartleggingar har til no vore gjennomført i samband med enkeltprosjekt, noko som gjev ujamn dekning og gjer det krevjande å sikre ei heilskapleg og berekraftig arealforvaltning.
Planen skal løfte naturen opp som eit viktig tema i kommunen og vise korleis vi kan ta betre vare på ho i planlegging og utvikling. Ho skal gi betre oversikt, meir føreseielege avgjerder og vera eit steg vidare i arbeidet med ny arealdel i kommuneplanen.
Målet med temaplanen er å styrkje kunnskapen om naturverdiar i Tokke kommune og leggje til rette for ei berekraftig forvaltning av naturen.
Planen skal samle og vurdere kunnskapen vi har om naturen, bidra til å hindre bit-for-bit-nedbygging, peike ut område med behov for vidare kartlegging og foreslå mål og tiltak som gjer at vi tek betre vare på naturen.
Høyringsperioda er over. Innkomne merknader og innspel blir tekne med vidare i arbeidet med planen.
På denne nettsida kan du gje innspel rett i kartet. Lenke til et annet nettsted.
Du kan også sende skriftleg innspel til:
Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen
eller e-post: postmottak@tokke.kommune.no
Dokument
Særutskrift - Kommunedelplan for naturmangfald - oppstart av arbeid pdf, 85 kB.
Høyringsutkast - Planprogram KDP naturmangfald pdf, 372 kB.
Meir informasjon
Om du har spørsmål kan du ta kontakt med sakshandsamar Jenny Fetveit på
e-post: jenny.fetveit@tokke.kommune.no
Heimel
Oppstart av planarbeidet vert varsla i medhald av plan- og bygningslova § 11-12.
Planprogrammet vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 11-13, jf. §§ 4-1 og 4-2.
