Ny i Tokke
Velkomen som ny i Tokke kommune. Me vil at du som ny innbyggjar skal få god informasjon slik at du føler deg velkomen i kommunen.
Nedanfor har me samla informasjon me trur kan vere nyttig for deg. Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål.
Helsing frå ordføraren
Kjære nye innbyggjar, tusen takk for at du har vald å flytte til oss i Tokke kommune.
Me håpar du vil finne deg godt til rette. Me ynskjer å vera gjestfrie – og vil at du skal føle deg velkomen i din nye heimkommune.
Frivillige lag er eit viktig grunnlag for at det er kjekt å bu i Tokke kommune. I kommunen har me mange titalls lag.
Her er det mange eldsjeler som legg ned mykje dugnadstid for å gje gode tilbod til deg og meg, skape sosiale møteplassar og utvikle lokalsamfunnet.
Ved å bli med i eit slikt lag blir ein lett kjent med andre trivelege Tokke-folk.
I dei seinare åra har reiselivet i Tokke hatt ein solid vekst. I dagens
Instagram-samfunn, der bilete seier meir enn 1000 ord, ser folk kor eventyrleg
natur og kultur vi har.
Det må du utforske.
Velkomstpakke
Er du ny innbyggjar i Tokke kommune kan du få tilsendt ei velkomstpakke så du kan gjera deg kjend med kommunen og tilbod som finst.
- Introduksjon til diverse idretts - og kulturtilbod med ein gratisperiode
- Næringsbrosjyra
- "Det gode liv i Tokke"- brosjyra
- Diverse brosjyrer over turløyper
For å få tilsendt velkomstpakke, ta kontakt med Tokke kommune.
Resepsjonen tlf. 35 07 52 00
E-post: resepsjonen@tokke.kommune.no
Ledige tomter, hus til leige/sal
Fordelar med Tokke
- Billige hustomter Lenke til et annet nettsted.
- Full barnehagedekning - løpande opptak
- Næringsfond - etableringsstøtte
- Landbrukstilskot Lenke til et annet nettsted.
- Ingen bilkø = Meir TID til det du har lyst
- Gratis treningstilbod (for elevar ved Vest-Telemark vidaregåande skule)
- Låge straumprisar
- Fantastiske naturstiar sommar og vinter Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Vest - Telemark vidaregåande Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Eit levande og konsentrert kommunesenter med gåavstand til viktige funksjonar
- Aktive grender
- Gode kulturtilbod med framifrå kulturskule, bibliotek, treningstilbod og frivillige lag og organisasjonar
- Kommunal utleie av småviltjakt Lenke til et annet nettsted.
Idrett og friluftsliv
Idrett
Tokke har eit godt og variera idrettstibod gjennom Idrettslaga og Friskliv.
Friluftsliv
Friluftslivet i Tokke er knytt til natur som spenner frå høgfjell til Telemarkskanalens vassveg. Som del av Vandre Telemark er det utarbeida flotte kart og merkte turstiar i kommunen. Blant dei meir kjente er turen frå Eidsborg til Lårdal, Lårdalsstigen, ein spektakulær turveg langs fjellkanten av Telemarkskanalen.
Fritid i Tokke
Me har mange lag og organisasjonar i Tokke kommune, dette er ein ypperleg plass å møte sambygdingar og skape nye bekjentskap. Anbefalar å kikke på lista og ta kontakt med eit eller fleire som er av interesse og bli med på sosiale arrangement og vere med å byggje eit felleskap saman.
Lag og organisasjonar i Tokke kommune
Kultur, idrett og fritid
Transport
Buss
Telemark fylkeskommune har ansvaret for strategisk planlegging og drift av lokal kollektivtransport og skuleskyss.
Meir informasjon på farte.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Flexiruter
Flexiruter er bestillingstransport med drosje/minibuss frå heimen til sentrum og heim att, og er ein del av det ordinære kollektivtilbudet. Tilbodet er ope for alle, men er særleg tilpassa for reisande som ikkje har tilgang til eigen bil, har avstand til haldeplassar eller bur i område det er lite eller ikkje kollektivtilbod. Prisen er kun 45 kroner kvar veg. (MERK! Ny pris fra 1.1.25). Ei flexirute kan fråvike frå hovudtrasé for å hente/levere reisande. Sjå oversikt over Flexiruter sitt rutetilbod i Tokke kommune her. pdf, 179 kB.
Taxi
Tokke taxisentral mob. 90 97 19 09
Øvre Vinje Taxi mob. 992 78 757
Viktige telefonnummer
Legekontor tlf. 35 07 55 60
Legevakt tlf. 116 117
Vatn og avløp vakttelefon mob. 992 02 505
Tokke Jegerkorps (Viltnemd) mob. 976 89 403
Brannvakt 24/7 mob. 99202511 brann@tokke.kommune.no
Brann 110
Politi 112
Ambulanse 113
Sist oppdatert
