BABU - kommunalt dagaktivitet/arbeidstilbod

BABU er eit kommunalt dagaktivitet- arbeidstilbod for funksjonshemma, som har større bistandsbehov. Målet er at brukarane skal ha ein meiningsfylt kvardag, føle seg sett og ivaretatt, føle meistring og tilhøyrsle. Dei jobbar med kløyving og pakking av ved, henting og sortering av tomgods for røde kors, vatning av blomar for næringsamskipnaden, henting/køyring av medisin og blodprøver for legekontor/helsesenter.