Nye kommunale tilskotsordningar for bustadbygging, private VA – anlegg, m.m. med verknad frå 01.01.2021.

Kap 1. Generelt

1.1. Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

1.2. Er det ektepar eller sambuarar som byggjer/kjøper/restaurerer i lag og som har heimel til eigedomen er det alderen til den yngste som skal leggast til grunn. Alderen for å få tilskot er når byggjeløyve vert gjeve for nybygg, og tinglyst skøyte for kjøp.

1.3. Vert bruken av bustaden endra, t.d. til feriebustad, eller seld innan 5 år etter at tilskotet er gjeve, skal tilskotet betalast attende i høve til den tida som er att av desse 5 åra.

1.4. Det vert ikkje gjeve tilskot til ombygging eller nybygging etter brann.

1.5. Tilskot kan bare gjevast ein gong til privat byggherre som kjøper/restaurerer/byggjer innan Tokke kommune.

1.6. Søknad om tilskot skal sendast Tokke kommune. Det skal nyttast fastlagt søknadsskjema til alle typar tilskot.

1.7. Utbetaling av tilskot skjer etter at arbeidet er godkjent av teknisk etat eller at det ligg føre kontrollerklæring.

1.8. Eignelutar i kap. 5 og 6 skal regulerast samstundes med og med same sats som for kommunale vass- og kloakkgebyr.

1.9. Etter kommunen sitt delegasjonsreglement, § 1-6 kan det klagast på eit vedtak som er gjort i høve til desse reglane.

1.10. Dersom tilskotsordninga vert endra eller trekt heilt ut må søknad ligge føre seinast 6 månader etter at reglane er opphøyrt/endra. Vert reglane endra må dette gjerast kjend ved annonsering og leggast ut på kommunen si heimside.

1.11. Definisjon på ungdom under 35 år vil sei fram til og med fødselsdatoen

Kap 2. Bygging av nytt bustadhus i spreidd busetnad (utanfor kommunale bustadfelt)

Tokke kommune gjev eit tilskot på kr. 100.000,- til ungdom under 35 år som byggjer sin eigen bustad for fyrste gong. Bustaden må vere på minst 75 m² utrekna areal (BRA) etter NS 3940.

Kap. 2 Rasutgreiing ved bustadbygging utanfor regulerte felt

Ny tilskotsordning i samband med krav om rasutgreiing ved bustadbygging utanfor regulerte felt: 50%, maks 50 000,- pr utgreiing

Arealmessige avklaringar må vere gjort før det kan gjevast tilsagn om støtte til rasutgreiing, dvs at tiltaket er vurdert og avklart i høve til plan og sektorinteresser.

Kap 3. Tilskot til kjøp av bustad som er eldre enn 30 år

Ungdom under 35 år som kjøper eigen bustad for fyrste gong får 10 % tilskot av kjøpesummen, avgrensa oppover til kr. 40.000,-. Tidspunkt for kjøp er når skøyte/kjøpekontrakt er tinglyst. Dersom bustaden ligg på landbrukseigedom, vert det gjeve same tilskot som for den delen av kjøpesummen som utgjer verdien av bustadhuset. Denne verdien vert fastsett ved å nytte likningsvesenet sin opningsstatus.

 

Kap 4. Tilskot til utbetring/restaurering av bustader til ungdom under 35 år til eige bruk. Bustadhus som er eldre enn 20 år.

4.1. Huset må ha eit utrekna areal (BRA) på minst 75 m², og må etter utbetring oppfylle byggjeforskriftene sine krav til bustad så langt som råd.

4.2. Søknad om tilskot skal vere godkjent før arbeidet vert sett i gang. Det må leggjast fram plan for arbeidet. Normalt skal arbeidet vere utført innan 3 år etter at tilsegn om tilskot er gjeve.

4.3. Det vert gjeve tilskot på 10 % for dokumenterte utgifter der eigenluten er kr . 150.000,-. Avgrensing oppover til kr. 50.000,- som ved kjøp av eldre bustad.

4.4. Tilskotet kan bare betalast ut ein gong.

Kap 5. Kloakkanlegg

Private kloakkanlegg vert inndelt i 3 kategoriar. Fastsetjing av tilskot er avhengig av den kategori anlegget kjem innunder.

Kategoriane er:

A: Septiktank med utslepp i infiltrasjonsgrøft.

B: Septiktank med utslepp i kunstig sandfiltergrøft eller sandfilter- basseng.

C: Biologisk/kjemisk minireinseanlegg.

5.2 Nyanlegg.

Tilskot til nyanlegg kan gjevast i samband med bygging av nye bustadhus eller ved bygging av kloakkanlegg til eksisterande hus der det ikkje er anlegg frå før.

5.2.1 Tilskotssatsar.

  • Kategori A - kr 25.000,-
  • Kategori B - kr 30.000,-
  • Kategori C - kr 35.000,- Dersom fleire byggjer saman skal ikkje tilskotet vere høgare enn 50 % av dokumentert kostnad.

5.2.2. Vilkår for tilskot.

  • Det er eit vilkår for å gje tilskot at avlaupet ikkje kan knytast til offentleg anlegg.
  • Anlegget skal byggjast i samsvar med gjeven utsleppsløyve og etter gjeldande føresegner.
  • Arbeidet skal godkjennast av teknisk etat.
  • Ved fellesanlegg skal søknad om tilskot syne dokumenterte kostnader. Jfr. pkt. 5.2.1.

5.3. Utbetring av eksisterande anlegg.

5.3.1. Tilskotssatsar. For alle anlegg er det ein eigendel på kr 6.900,- som vert trekt frå tilskotsgrunnlaget.

Kategori A: Det vert gjeve eit tilskot på 30 % av kostnader ut over eigneluten. Maksimalt tilskot pr. husstand er kr 25.000,-.

Kategori B: Det vert gjeve eit tilskot på 50 % av kostnader ut over eigneluten. Maksimalt tilskot pr. husstand er kr 30.000,-.

Kategori C: Det vert gjeve eit tilskot på 60 % av kostnader utover eigneluten. Maksimalt tilskot pr. husstand er kr 35.000,-.

5.3.2. Vilkår for tilskot.

  • Anlegg som er godkjent etter 13. mars 1981, men der arbeidet ikkje er utført etter føresetnadene, vil ikkje få tilskot.
  • Tilskot vert fastsett på grunnlag av dokumenterte/spesi-fiserte utgifter.
  • Elles gjeld same vilkår som i pkt. 5.2.2.

* Det vert berre gitt tilskot til lovlege avløpsløysingar. Sandfilteranlegg er ikkje tillate for svartvatn. Det kan gis tilskot for våtmarksfilter.

Kap 6. Vassanlegg

6.1 Nyanlegg. (vassforsyning til nye bustadhus)

Av kostnad over kr 6.900,- (eigendel) vert det gjeve eit tilskot på 30 % avgrensa oppover til kr 25.000,-.

6.2.Utbetring av eksisterande anlegg.

For kostnad over kr 6.900,- vert det gjeve eit tilskot på 25 % avgrensa oppover til Kr 25.000,-. Ved fellesanlegg vert satsen auka med 5 prosentpoeng for kvart hus ekstra, og den øvre ramma vert auka tilsvarande med kr 10.000,-.

6.3 Vilkår for tilskot.

  • Vatnet skal oppfylle krava til godt drikkevatn.
  • Teknisk etat skal ta vassprøve for bakteriologisk og fysikalsk/ kjemisk undersøking.
  • Teknisk etat skal godkjenne anlegget før evt. tilskot vert utbetalt.
  • Som dokumentasjon for kostnaden skal det leggjast fram kvitterte rekningar.
  • Det må gå klart fram av rekninga kva som er gjort utomhus og innomhus.
  • Tilskotsordninga kan ikkje nyttast saman med andre tilskot til det same føremålet.
  • Det vert gjeve tilskot bare ein gong til same bustad.
  • For anlegg som dekkjer vassforsyning både til bustadhus og husdyrhald (evt. anna verksemd) skal tilskotsgrunnlaget delast i høve til forbruk.
  • Vanleg brukte normtal skal nyttast ved utrekning av forbruk til ulike føremål.
  • Deling skal gjerast før eigendelen vert trekt frå.
  • Anlegg eller delar av anlegg som kan utgiftsførast i driftsrekneskap vil normalt ikkje vere grunnlag for tilskot.