Sjukeheimen har tre avdelingar. Avdeling A og B er sjukeavdelingar  med til saman 23 enkeltrom . Avdeling  C er ei skjerma eining med 7 enkeltrom.

Tokke sjukeheim har eige storkjøkken, vaskeri , frisør- fotpleiesalong og vennestoge. Uteområda,  med bl.a ein sansehage,  er lett tilgjenglege og tilpassa for å vere trygg

Opphald

Kortidsopphald

Korttidsopphald (døgn- dag- eller  nattopphald) kan ha eit eller fleire av desse måla:

  • rehabilitering og opptrening etter sjukdom eller skade.
  • som ledd i tilbakeføring til eigen heim etter sjukehusopphald
  • behandling der legen finn dette tenleg som alternativ til sjukehusinnlegging
  • For å auke evna til eigenomsorg ved nedsett allmentilstand

Vedtak vert fatta jfr.Lov om helsetjenester i kommunane. Vedtaket vert i regelen fatta for ein kortare periode. Under opphaldet vert det vurdert om du er klar for utskriving, om perioden bør utvidast, alternativt om du bør søke om langtidsopphald.

Langtidsopphald

Ved behov for døgnkontinuerleg tilsyn, pleie og helsehjelp som ikkje kan ivaretakas i heimen eller ved omsorgsenter/bustad. Vedtak vert fatta jfr Lov om helsetjenester i kommunane.

Avlastningsopphald

Tidsavgrensa opphald  for personar, som mottar hjelp i heimen av privat omsorgsytar (oftast nærståande). Omsorgsytarens omsorgsarbeid skal vere ”særleg tyngande”.

Målet med tenesta er difor å avlaste den som yter hjelp i det daglege. Avlastningsopphald innheld ikkje utreiing, medisinsk behandling eller fysioterapi. Er det trong for dette, vil ein få tildelt korttidsopphald. Vedtak vert fatta Jfr Lov om sosiale tjenester  i kommunene.

Lokal forskrift om tildeling av langtidsopphald

Søknad om opphald

Søknad sendas til:                           

Tokke kommune, Helse- og omsorgsetat

v/ Tildelingskontoret

Storvegen 60

3880 Dalen

 

Du kan få hjelp med din søknad ved å kontakte tildelingskontoret:

Tlf. 35 07 55 74

Tlf. 35 07 52 00 (sentralbord)

Tildeling av plass

Tildeling av plass avgjerastt i Tiltaksteam etter behovsprøving. I høve til søknad om tenester, er det nødvendig å kartlegge ditt behov. Det er din medisinske tilstand og ditt funksjonsnivå som ligg  til grunn ved behovsvurderinga. Det kan bli aktuelt å hente inn opplysningar om di helse, til dømes frå din fastlege. Dette kan kommunen gjere kun om du gjev ditt samtykke.

Det kan og vere ynskjeleg med ei nærare samtale med deg for å finne fram til gode, tilrettelagte tenester. Ei slik samtale kan skje ved heimebesøk eller per telefon.

Du skal forvente at du får skriftlig vedtak, informasjon om klageadgang og om eigenbetaling.

Venteliste pr. 20.04.22: 0

Prisar

Avlastingsopphald 

Vederlagsfritt. Opphaldet inkluderer medisin, mat og pleie.

Korttidsopphald

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren.Vederlaget er fastsett i statlig forskrift. I opphaldet skal det gis medisinsk behandling og rehabilitering med tanke på attendeføring til heimen. Tenesten kan innebere legetilsyn, fysioterapi, ergoterapivurdering, behandling, medisin, mat, pleie og sosiale aktiviteter.

Langtidsopphald           

Vederlaget er fastsett i statlig forskrift. Vederlaget inkluderar legetilsyn, behandling, tannlege, medisinar, mat, pleie og sosiale aktivitetar

Lommepenger               

Me anbefalar at eit begrensa kontantbeløp oppbevares på rommet.  Safe for penger og verdisaker kan nyttast om du tek kontakt med Pleie- omsorgskontoret, som er ope.

Kvardagar 08-00 – 15.30.

I henhold til ”Forskrift 0m disponering av kontantytelser frå folketrygden under opphold i sykehjem og boform for heldøgns omsorg ” skal ledelsen for boformen  disponere kontantytelse etter folketrygden for de beboere som ikke selv er i stand til å disponere midler. Denne beslutning tas av sykehjemmets lege i samråd med nærmeste pårørende eller beboers verge og den som har det sykepleiefaglige ansvar for beboeren.

Kontantytelsane  vil seie det som utbetalast kvar einskild pasient når utgiftene til opphaldet er trekt frå. Sjukeheimen kan då disponere midlane slik at dei kjem pasienten til gode.

Hjelpeverge 

Dersom du ikkje klarar å ivareta din økonomi, kan du få oppretta ein hjelpeverge. Ein hjelpeverge er rettsleg stadfortredar og forvaltar for ein annen person. 

Personopplysningar og teieplikt

Personopplysingar vert behandla konfidensielt. Sjukeheimen nyttar eit elektronisk dokumentasjonsprogram i ei såkalla sikker sone.

Kommunane har plikt å registrere grunnlag for nasjonal statistikk for pleie- og omsorgssektoren; IPLOS-registrering. IPLOS er systematisert standardinformasjon basert på individopplysingar om søkarar og mottakarar av kommunale sosial- og helsetenester (pleie- og omsorgstenester). Viss du ynskjer å reservere deg mot registrering av diagnoser, venlegst gje beskjed til avdelingsleiar. 

Du skal være trygg på at sjukeheimens ansatte verner om din integritet. Alle som utfører teneste eller arbeid i kommunens helsetjeneste har lovpålagd taushetsplikt. Det er du som pasient som må gi ditt samtykke om kva og til kven informasjon får gis.

Praktisk informasjon frå A til Å

Aktivitetar  

Aktivitørar arrangerar  ulike aktivitetar i eigne lokale, den såkalla Vennestoga,

Måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00

  • Vekentlege andaktar
  • Tirsdags bingo
  • Høgtlesing  
  • Songsamlinger/ Konsertar

Aviser /Vekeblad 

Sjukeheimsavdelinga abonnerar på ei lokalavis. Du kan naturlegvis fortsetje med abonnement på eigne aviser og vekeblad.

Bakgrunnsopplysingar

Ved innskrivinga på sjukeheimen blir du og/ eller dine pårørande intervjua. Vi vil til dømes gjerne ha opplysingar om interessene dine og dine vanar slik at vi kan tilretteleggje for din trivsel.

Besøke slekt/venner

Besøke slekt eller venner kan du sjølvsagt halde fram med å gjere sjølv om du er bebuar ved sjukeheimen. Dette kjem an på dine krefter, di helse og dine ynskje

Besøkstider  

Ikkje faste besøkstider - pårørande er alltid velkomne innom!

Ved private selskap, til dømes bursdagsfeiring eller høgtider, med mange gjester, kan Vennestoga leigast. Ver ute i god tid!  Ver oppmerksam på at personalet i liten grad kan bidra med organisering, borddekking og rydding etterpå.

Ergoterapi          

Kommunen har eigen ergoterapeut som formidlar hjelpemiddel ved behov.

Film/ bøker/musikk/lydbøkar          

Sjukeheimen har eigne biblioteksombud som  låner på Tokke bibliotek. Gje beskjed om du har særskilde ynskje. Dette vil vi prøve å etterkome.

Fotpleie               

Er kostnadsfritt ved medisinske  behov (eks. diabetes).  I andre tilfelle må du sjølv betale. Vi formidlar kontakt

Frisør                  

Vi formidlar kontakt, men du må sjølv betale.

Fysioterapi         

Kommunen har eigen fysioterapeut som behandler pasienter etter vurdering av medisinsk behov for opptrening.

Hjelpemiddel     

Har du personlege hjelpemiddel som syn-,hørsel- eller ganghjelpmiddel (rollator, rullestol el.l.) bør du ta med dette til sjukeheimen. Andre hjelpe-middel vil bli tilpassa ditt behov med hjelp av ergoterapeut.

Hygienartiklar   

Sjukeheimen syter for elementære hygienartiklar. Bruker du spesielle hudpleieartiklar, deodorant, sminke, hårpleieartiklar og  barberartiklar må det innkjøpes privat  ( Jfr. Primærkontakt)

Kledesalg           

Ulike firma kjem til sjukeheimen fleire gonger årleg for sal av klede. Vil du ha hjelp, kontaktar du din primærkontakt.

Korttids opphald  (Innleggelse)

Medbring klær og toalettsaker som dekker behovet for den perioden oppholdet varer. Ta med medisiner og hjelpemidler som dagleg brukas i hjeimen.  

Langtidsopphald (Innflytting) Samråd gjerne med personalet på avdelinga

Ta med, etter dine behov: Klær og skor  til bruk inne og ute, morgenkåpe, tøfler, toalettsaker, medisiner, briller, høreapparat, ganghjelpemiddel, lesestoff, handarbeid, hobbysaker, bilder, fotografier, møbler, radio, Cd, TV

Lege                    

Sjukeheimen har to tilsynslegar med legevisitt tirsdagar respektive fredagar på sine avdelinger. Ellers kontaktas lege ved akutte behov. Pårørande kan på førehand avtale samtale med legen på visittdagane om dette er klarert med pasienten. Legane nås også på telefon måndag - fredag kl. 08.15 – 08.45.

Medisin              

Sjukeheimen administrerar all medisinering. Medisin er kostnadsfri under opphaldet. Medisin på sjukeheim må oppbevaras innlåst.

Måltider             

Ynskjas tidlegare eller seinare servering gis tilbod om det liksom ekstramål og ved behovdiettar. Er det mat som du ikkje likar får du tilbod om alternativ.

Kl 08.00-10.00 Frukost

Kl 12.15 Lunsj (Drikke, frukt m.m.)

Kl 15.30 Felles middag med dessert

Kl 19.00-21.00 kveldsmåltid (Kaffe/te/kakao/brød/pålegg - laurdagar: varmrett)

Post               

Du må sjølv ordne omadressering dersom du ynskjer din post til sjukeheimen. Post blir utdela rundt middagstid mand- lørd.           

Prest              

Vi formidlar kontakt med prest, dersom du ynskjer  personlig samtale eller nattverd.            

Primærkontakt

Ved langtidsopphald får du ein kontaktperson, som har eit særskilt ansvar for bistå deg med praktiske ting. (Eks. innkjøp, rydding av skap med meir.)

Privat TV og telefon TV-lisens

Det er tilrettelagt på alle rom for TV og telefon. Sjukeheimens TV-lisens dekker også private apparat.Telefonabonnement må teiknas privat.

Rom               

De fleste rom har eige toalett og dusj. Roma har ei grunnmøblering med seng, nattbord, stolar og bord. Du kan supplere med eigne møblar, bilder og pynt for å få det heimekoseleg. Av omsyn til tryggleiken, kan du ikkje ta med deg ryer og golvtepper.

Røyking          

Røyking ved sjukeheimen  er underlagd særskilde regler av hensyn til miljø og brannsikkerhet. Røykerom for bebuarane finn du ved sidan av hovudinngongen

Tannlege       

Tannlegebehandling er gratis ved langtidsopphald.

Transport     

Transport til medisinsk behandling med legerekvisisjon vert dekt. Me ynskjer at pårørande er behjelpelege med å fylgje pasienten i slike høve.

Vaksinasjon                                     

Alle får tilbod om årleg influensavaksinering

Vask av private klede

Sjukeheimen har eige vaskeri, som også vasker private klede om det er ynskjeleg. Private klede må merkast med navnelappar eller på anna måte som tåler vask. Vaskeriet utfører ikkje rens eller handvask av klede, dette må i så fall gjerast privat.

Verdisaker/ Innbuforsikring

Kommunen har ikkje forsikring som dekker private eigendeler. Du må sjølv ha innbuforsikring dersom du oppbevarer verdifulle gjenstander på rommet ditt.

 

Årlig medisinsk kontroll

Gjennomførast rutinemessig av tilsynslege. Ved kontrollen kan pårørande vera med dersom pasienten ynskjer dette.

 

Kva skal du forvente ved Tokke sjukeheim?

  • å oppleve trygghet, forutsigbarhet og respekt i forhold til tenestetilbodet
  • å ha mogleghet for å sjølv ivareta din eigenomsorg
  • å få dekka dine fysiologiske behov som tilstrekkeleg næring, variert og helsefremmande kosthald og rimeleg valgfrihet i forhold til mat.
  • å få tilpassa hjelp ved måltider og nok tid og ro til å ete
  • å få ivaretatt personleg hygiene og naturlege funksjonar
  • å få tilpassa hjelp ved av- og påkledning
  • å få følge ein normal døgnrytme og unngå uønska og unødig sengeopphald
  • å få mogleghet for ro og skjerma privatliv, sjølvstendighet og styring av eige liv
  • å få ha mogleghet for samvær, sosial kontakt, fellesskap og aktivitet
  • å få tilbod om varierte og tilpassa aktivitetar både ute og inne
  • å få naudsynt medisinsk undersøking og behandling, rehabilitering, pleie og omsorg tilpassa ditt behov
  • å få nødvendig tannbehandling og ivareteke munnhygiene
  • å få ein verdig livsavslutning i trygge og rolege omgivelser

Kva forventast av pasient og/eller pårørande?

  • at du eller dine næraste pårørande seier ifrå om dine ynskje og behov
  • at du og dine pårørande bidreg til eit godt samarbeid og deltek i eventuelle brukarundersøkelsar, pårørandemøte, ulike arrangement etc.
  • at du deltek i din eigenomsorg i den grad du er i stand til det