Tokke kommune har fatta vedtak om å vidareføre karantenepåbod og innreiseforbod for personar som har vore i alle andre kommunar enn Tokke, Vinje, Seljord, Kviteseid, Fyresdal, Nissedal, Hjartdal, Tinn, Notodden og Midt-Telemark. Vedtaket gjeld til 01.04.20 kl. 18.00

  • Folk busett i Tokke som har vore i andre kommunar enn dei som er nemnd ovanfor etter 18. mars kl. 18, skal i karantene. Karantene gjeld den personen som har vore på reise, og omfattar ikkje andre personar i husstanden.
  • Personar som har arbeid i samfunnskritiske funksjonar, kan få dispensasjon til å jobbe også i karanteneperioden. Leiar for den samfunnskritiske funksjonen er delegert mynde til å gje slik dispensasjon for sine tilsette.
  • Nødvendige medisinske reiser til helseinstitusjonar er unntatt frå reglane om karantene.

  • Personar i Tokke som arbeider utanfor desse kommunane, til dømes i Kongsberg kommune, kan reise på jobb. Men når dei kjem tilbake til Tokke må dei i ny karanteneperiode. Det er høve til å reise ut på arbeid att i karanteneperioden, td dei som har 4 dagars veke. 
  • Personar som er busett utanfor dei kommunane som er nemnd ovanfor, kan ikkje reise inn til Tokke kommune. Personar som har samfunnskritiske funksjonar til dømes innanfor helsesektor, forsyning mv. kan framleis reise inn til Tokke og utføre arbeid her. Gjennomfart i bil på til dømes E-134 vil framleis vere tillate.
  • Er du student og har folkeregisteradresse i Tokke kan du kome til Tokke, men bli omfatta av karantenereglane. Er du student, men har folkeregisteradresse utanfor kommunane i øvre Telemark, kan du ikkje reise til Tokke. Unntak hvis du til dømes skal arbeide innanfor samfunnskritiske funksjonar som helse- og omsorgstenesten, daglegvareforretning eller med matvareproduksjon (arbeid på gardsbruk som har husdyr).
  • Hytteeigarar som er busett utanfor Tokke kommune kan no ikkje ta opphald på fritidseigedom i Tokke. Viss eit hyttetak må måkast, må ein leige hjelp av personar som ikkje har slikt innreiseforbod. Kontaktinfo til personar som kan måke hyttetak finn du her.
  • Det vil truleg oppstå tvilstilfelle. Det er høve til å kontakte kommunen på postmottak@tokke.kommune.no eller telefon 350 75200 med spørsmål.

Forskrift om utvida karantenepåbod og innreiseforbod i Tokke kommune

 

For å stoppe spreiing av covid-19, beskytte sårbare grupper og bidra til å oppretthalde naudsynte helse- og omsorgstenester har Tokke kommune v/kommuneoverlegen med heimel i smittevernlova § 4-1 femte ledd, jf. første ledd – og med tilvisning til Folkehelseinstituttets råd – vedtatt følgande lokale forskrift:

§ 1. Alle som kjem til Tokke kommune frå områda som lista opp i § 2 i denne forskrift, skal i  heimekarantene i 14 dagar rekna frå når dei kom til kommunen.

§ 2. Forskrifta gjeld desse områda: Alle fylke og kommunar i Noreg, med unntak av Seljord, Kviteseid, Vinje, Fyresdal, Nissedal, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden og Tinn.

§ 3. Alle som har hatt opphald i område nemnd i § 2 har forbod mot å reise inn til Tokke kommune, med unntak for dei kommunar som er lista opp i § 2.

§ 4. For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei føringane som til ei kvar tid kjem frå styresmaktene for omgjering av karantene til isolasjon.

§ 5. Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagt opphaldsstad, men bør under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre. Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje bruke offentleg transport.

§ 6. Det er ikkje høve for personar busett utanfor Tokke å opphalde seg på fritidseigedom i kommunen. Dette gjeld føre nasjonal forskrift: «Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19, §5, andre ledd.»

§ 7. Unntak frå denne lokale forskrifts karantenekrav og innreiseforbod.

Leiing av verksemder som er rekna som samfunnskritiske funksjonar vert gjeve adgang til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å halde oppe forsvarleg drift av den kritiske samfunnsfunksjonen.

Førar og personell av vare- og passasjertransport. Dette omfattar òg personell som er nødvendig for å gjennomføre transporten.

Nødvendige medisinske reiser til helseinstitusjonar er unntatt frå reglane om karantene.

Leiing av lokal næringsverksemd i kommunen, kan søkje kommunen om unntak frå innreiseforbodet når dette er nødvendig for normal drift.
Kommunen kan setje vilkår for å gje dispensasjon frå innreiseforbod og karantenereglar for å minimalisere risikoen for smittespreiing.

Nasjonale føringar for karantene og isolasjon ved sjukdom gjeld.

§ 8. Fylkesmannen er klageinstans for vedtak etter denne forskrift såframt ikkje noko anna er bestemt i lova.

§ 9. Tokke kommune har ikkje økonomisk ansvar som fylgje av pålagte tiltak.

§ 10. Denne forskrifta gjeld frå onsdag 25. mars 2020 kl. 18 og til onsdag 1.april kl 18.


Rettsleg grunnlag:

Smittevernlova § 4-1 femte ledd gjev kommuneoverlegen, i kommunestyret sin stad, heimel til å sette i verk ulike tiltak i hastesaker, når det er naudsynt for å førebygge ein allmennfarleg smittsam sjukdom eller motverke at den vert overført til andre. Aktuelle tiltak går fram av paragrafens fyrste ledd, bokstavane a til e.

Grunnleggande krav ved iverksetting av tiltak etter § 4-1 går fram av smittevernlova § 1-5: «Smitteverntiltak etter loven skal vere basert på ein klar medisinskfagleg grunngjeving, vere nødvendig av omsyn til smittevernet og framstå tenleg etter ei heilskapeleg vurdering. Når  smitteverntiltak vert sett i verk skal det bli lagt vekt på frivillig medverknad frå den eller dei tiltaket gjeld.

Tvangstiltak kan ikkje nyttast når det etter sakens art og tilhøva elles vil vere eit uforhaldsmessig inngrep.»

Det vert og visa til Helse- og omsorgsdepartementet sitt vedtak av 13. mars 2020 nr. 287 om forskrift om karantene mv. etter reiser utanfor Norden.

Grunngjeving:

Covid-19 er erklært som eit alvorleg utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom som kan få alvorlege helsekonsekvensar for mange menneske. Sjukdomen er òg erklært som ein pandemi og ei alvorlig hending av tyding for internasjonal folkehelse av WHO.

Helsedirektoratet vedtok 12. mars 2020 omfattande tiltak for å hindre spreiing av covid-19 og for å bidra til å halde i hevd naudsynte helse- og omsorgstenester. Den 24.mars 2020 blei dei omfattande tiltaka vidareført, og helsedirektoratet sette mål om å slå ned virusspreiinga for å vinne tid til å etablere naudsynt helseteneste. Det er og eit mål i Tokke å vinne tid for å ruste opp den kommunale helsetenesta til rett nivå ut i frå scenarioplanlegging.

Covid-19-epidemien har i dag ulikt omfang i Noreg. Flesteparten blir smitta innalands. Episenter er i Oslo og andre befolkningstette område. Kommunane som er unnateke i forskrifta befinn seg som oss i fyrste fase.I vår region er smittepresset framleis lågt. Kommuneoverlegen ser det som avgjerande å redusere smittepresset frå utanfor regionen i det tidsvindauget vi har i denne fasen..

Regionen er prega av små lokalsamfunn og lange avstandar, og kritiske samfunnsfunksjonar vil vere ekstra utsett her ved ein omfattande epidemi. Kommunane generelt og helse- og omsorgstenesta spesielt har begrensa kapasitet.

Kommuneoverlegen ser dette vedtaket som ei naturleg følgje av Folkehelseinstituttet sine tilrådingar, og Helsedirektoratet og Regjeringa sine nasjonale vedtak. I den noverande situasjonen er det naudsynt å førebyggje og motverke spreiing av covid-19 og det er avgjerande å få satt i verk tiltak raskt. Tiltaket vert vurdert som naudsynt både for å beskytte sårbare grupper og for å halde i hevd naudsynt kapasitet i helsetenesta.

Forbodet gjeld for dei nemnde kommunane ovanfor med mindre anna særskilt vert bestemt.

Kommuneoverlegene vurderer at smitteverntiltaket har ei medisinskfagleg grunngjeving, er naudsynt av omsyn til smittevernet i kommunen. Tiltaket vert difor vurdert som forholdsmessig og tenleg utifrå ei heilskapsvurdering.

Etter kommuneoverlegen si vurdering vil den samfunnsmessige nytta ved smitteverntiltaket overstige den belastning og ulempe for dei tiltaket gjeld. Frivillig medverknad er vektlagt i vurderinga.