Regjeringa har forlenga dei strenge smittevernstiltaka som vart innført før påske til 14.april. Tokke kommune forlengar eigne lokale tiltak tilsvarande, og kommunehuset vil såleis vere stengt for publikum til og med 13.april. 
Telefontida vil vere som normalt mellom 08:00 - 15:30.
For å avtale møte med våre sakshandsamarar kan du ringe resepsjonen eller direkte til den du ynskjer å møte. Dei fleste har heimekontor i denne perioden – jf Covid-19 forskrifta § 15e.