Frå 15. juni er det mogeleg å opne treningssentre om ein kan fylgje krava som ligg i rettleiar for smittevern i treningssentre.

Tiltaka er omfattande, og krev personell som mellom anna har ansvar for oppfølging med ekstra reinhald gjennom dagen av utstyr og bygget. I ferieavviklinga er det vanskeleg å få til eit så omfattande reinhald som det er krav om. Vidare er det fastsett krav til avstand mellom dei som trenar, ein meter eller minst to meter avhengig av aktivitet. Det er også krav til å halde avstand i garderobe og dusjanlegg.

Treningsrommet er ikkje stort i Tokkehallen og det vil vere svært få som kan vere i rommet samstundes. Så lenge Tokkegym er eit ubemanna treningsrom, vil det vere ressurskrevjande for kommunen å følgje opp desse vilkåra i ei tid med ferieavvikling. Det er mange som nyttar seg av Tokkegym, frå kommunens side var det veldig ynskjeleg at me kunne opna treningsrommet nå. Ut frå krav i rettleiaren og oppfølging av desse, vil det ikkje vere mogeleg å opne før 24.08.20.