Regjeringa har vedteke å fylgje Folkehelseinstituttet si tilråding om å tilby koronavaksine til ungdom i alderen 12 – 15 år. Koronavaksina som vert tilbydd er godkjent frå 12 år og oppover. Vaksina er eit tilbod til årskulla 2006 – 2008, samt alle fra årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år.

Kommunen arbeider no med å få på plass korleis dette skal gjennomførast lokalt i Tokke. Det vil kome meir informasjon til elevar og føresette når dette er avklart.   

No har alle 16-17 åringar fenge tilbod om 1. dose og vil få tilbod om 2. dose etter 8-9 veker.

Alle personar som er 18 år og eldre - og som har takka ja til koronavaksine, vert ferdig vaksinert med dose to innan 22.09.21.