I medhald av plan og bygningslova , 12-8 varslast det om oppstart av reguleringsplanarbeid på Digernes på delar av gb/nr 123/31 i Tokke kommune.

Dette brevet er sendt for å varsle at prosessen med utarbeiding av reguleringsplan for Digernes  hyttefelt blir starta opp omgåande.

Føremålet med planarbeidet er å leggje om eksisterande tilkomst, regulere inn fleire tomter og eigedomsgrenser for tomtene.      

Planarbeidet er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel, der det er krav om reguleringsplan.

Planområdet synast på vedlagt planskisse. Avgrensinga  er innafor g/b nr og 123/31 er 13 dekar.

Lene Høgseth og Nina Klemmetvold er grunneigar og tiltakshavar for planarbeidet.

Fyresdal Plan og Oppmåling ved Kristin Libjå skal utarbeide planen. Frsit for innspel til planarbeidet er 12. oktober.

Innspel kan sendast til:

kristin@planoppmaaling.no

eller:

Fyresdal Plan og Oppmåling

v/Kristin Libjå

Sitjevegen 234

3870 Fyresdal