Sjølv om me no har ekstra tid, er det å arrangere fest eller sosiale samvær ein veldig dårleg idé! Ingen barn, ungdom eller vaksne skal samlast i større samlingar akkurat no. Fleire stader i landet inviterer nokon til «koronafester» der ungdom feirar at det er skulefri og skulen er stengt. Vær ein ven, ikkje inviter til slike festar, og ikkje gå på slike festar. 

Kvifor skal me ikkje ha slike festar, og kvifor skal me ikkje dra dit?

Koronaviruset er kanskje ikkje farleg for akkurat deg om du skulle få det – men det kan være livsfarlig for dei som er gamle, og dei som er sjuke. Me kjenner alle nokon som er sjuk og har eit dårlig immunforsvar, eller nokon som er gamle. Du kan bidra til at dei og kjem seg gjennom dette!

Men eg er jo ikkje sjuk!? Kan eg smitte nokon då?

JA! Du kan det. Smitte kan skje før du får symptoma på korona.

Eg tenkte berre å samle nokon få vener og henge?

Det er heller ikkje ok. Der fleire menneske er samla, er det ein risiko for spreiing av smitte.

Kva kan eg gjere dersom eg høyrer om ein slik fest?

ikkje delta!
sei til den som inviterer at dette må avlysast
vaksne som hører om ungdom som skal på ein slik fest: si nei!

Dette er alle sitt ansvar, enten me er 18, 25 eller 56 år gamle. Ta ansvar du og!