Tilskotsordningar

Det blir gjeve tilskot til bygging, kjøp, utbetring/restaurering av eldre bustad og private vatn- og avløpsanlegg.

 

Bygging av nytt bustadhus utanfor regulert område: 
Ungdom under 35 år som bygger eigen bustad.  Bustad må vere på minst 75 m2. 
Tilskot kr. 100 000. 
 

Kjøp av bustadhus til ungdom under 35 år: 
Dersom du kjøper bustad for fyrste gong og er under 35 år gjevast det 10% tilskot av kjøpesum, maks kr 60 000. Kopi av tinglyst skjøte leggast ved søknaden.


Utbetr/restaurering av bustadhus til ungdom under 35 år: 
Bustadhus må vere eldre enn 25 år og areal på minst 75 m2. 
Søkjar må legge fram plan for kva som skal gjerast. 
Tilskot er 10% av dokumenterte kostnader, eigenandel kr 150 000 vert trekt frå kostnad. 
Tilskot maks kr 60 000.


Vassanlegg: 
Anlegg til nye bustadhus, og utbetring av eksisterande anlegg: 
Tilskot til nyanlegg 30%, og utbetr. av eks.anlegg 25 % maks kr 25 000, av dokumenterte kostnader.  Vatnet skal fylle krava til godt drikkevatn, og analyseresultat skal leggast fram.

 

Kloakkanlegg: 
Tilskotssatsar private kloakkanlegg til nye bustadhus eller til eksistrande hus der det ikkje er anlegg frå før.  Anlegget skal byggast i samsvar med gjeve utsleppsløyve. 
Septik m/infiltrasjon kr 25 000 
Septik m/sandfiltergrøft/sandfilterbasseng kr 30 000 
Biologisk/kjemisk renseanlegg kr 35 000. 

Utbetring av eksisterande kloakkanlegg: 
Anlegget skal byggast i samsvar med gjeve utsleppsløyve.  Dokumentasjon av kostnader leggast fram. 
Septik m/infiltrasjon – 30% tilskot maks kr 25 000 
Septik m/sandfiltergrøft/sandfilterbasseng – 50% tilskot maks kr 30 000 
Biologisk/kjemisk renseanlegg – 60% tilskot maks  kr 35 000.


Meir informasjon og søknadsskjema finn du her Åpnes i nytt vindu.


Ta kontakt med Liv, tlf. 35 07 52 63 eller e-post liv.ellen.beck@tokke.kommune.no dersom du har spørsmål.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?