Strevar du med søvn?

Då er du ikkje aleine. Opp mot 15 % av befolkninga i Noreg rapporterar å ha vanskar med søvn. Rask Psykisk Helsehjelp startar opp søvnbehandlingsgrupper for innbyggjarar i Vest-Telemark. Søvnbehandlingsprogrammet «Stå Opp» er utvikla til bruk i kommunehelsetenesta, og er lagt opp som gruppebehandling. Dette er ei krevjande, men svært effektiv behandling.

Er det noko for deg?

Målgruppe
Personar over 18 år i Vest-Telemark, med langvarige søvnvanskar eller ei vedvarande oppleving av å ikkje sove godt nok eller lenge nok. Du kan ha andre utfordringar i tillegg, men desse vil ikkje ha fokus i denne behandlinga.

Metode
Behandlinga er basert på kognitiv åtferdsterapi, som er anbefalt behandlingsmetode for personar me langvarige søvnvanskar.

Behandlingsopplegget
Tilbodet består av totalt sju samlingar, med opplæring i søvn, søvnrutiner, og kvar for endringar du kan gjera for å få betre søvn. Ein like viktig del av behandlinga er det som skjer mellom samlingane, der du vil jobbe på eiga hand emd det du har lært i gruppa.

Er dette noko for deg?
Vi ynskjer å invitere deg til ei samtale for å vurdere om dette behandlingstilbodet kna vera noko for deg. Det er viktig at du er motivert til å gjera endringar i søvnen.

Dato for oppstart av neste gruppebehandling er 29. januar 2026.

Ta kontakt med Rask psykisk helsehjelp ved å fylle ut kontaktskjemaet, som du finn her.

Tilbodet er gratis.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?