Tokke legekontor satsar på framtida
God legedekning
Tokke har fire legar med spesialisering i allmennmedisin, og ein (snart to) med samfunnsmedisin – alle bur i kommunen. Me er framleis med i legevaktordninga saman med Vinje, der Tokke kjøper seg inn. Vinje har nyleg tilsett to legar i «nordsjøturnus» og sjukepleiar på natt for å styrke legevakta. Prosjektet har fått støtte frå Helsedirektoratet.
KI gjev meir tid til pasientane
Legekontoret har teke i bruk kunstig intelligens (KI) i journalarbeidet. KI gjer tale om til tekst og lagar forslag til journalnotat, som legen alltid kvalitetssikrar. Data blir sletta etter 24 timar. Erfaringane er gode – KI frigjev tid til pasientane og mindre til skrivearbeid. Løysinga er trygg og integrert med journalsystemet. Du kan reservere deg mot bruk av KI.
Bestill time via Helsenorge
Me oppmodar alle til å bestille legetime på Helsenorge.no eller i appen (logg inn med BankID), men du kan også ringe oss ved behov på telefon 35075560.
Les meir om korleis du kan bestille time her.
Via Helsenorge.no kan du:
- Bestille time hos fastlegen Last gjerne ned denne appen.
- Fornye reseptar
- Sjå frikort, vaksiner og vedtak
- Endre fastlege
- Lese kvalitetssikra helseinformasjon
- Bestille Europeisk helsetrygdekor
Informasjon om korleis du tek i bruk Helsenorge, finn du her. pdf, 3 MB.
Sist oppdatert
