Verdsdagen for sjølvmordsførebygging 10. september
I dag markerer vi Verdsdagen for sjølvmordsførebygging.
Temaet for årets dag er «Start samtalen – saman».
Nokre gonger kan ein enkel samtale bety meir enn vi trur.
Spør korleis nokon har det. Lytt. Vis at du bryr deg. Du treng ikkje ha alle svara – det viktigaste kan vere å tore å spørje.
Vis at du ser. Vis at du lyttar. Vis at du bryr deg.
I kveld kan du også tenne eit ljos for nokon du tenkjer på, nokon du saknar, eller for alle som strevar. LEVE – Landsforeningen for etterlatte etter sjølvmord oppmodar om å tenne ljos kl. 20.00. Du kan også tenne eit digitalt ljos her. Lenke til et annet nettsted.
Viss du eller nokon du kjenner har det vanskeleg, finst det hjelp! Ta kontakt med nokon du stoler på, fastlegen, psykisk helse- og rustenesta eller andre hjelpetenester.
Ingen skal måtte stå åleine. Vi har ingen å miste.
Psykisk helse og rus i Tokke kommune
Rask Psykisk Helsehjelp, Vest-Telemark
Hjelpetelefonen - Mental Helse: 116 123
Sist oppdatert
