Idrettsstipend
Unge idrettsutøvarar mellom 16 og 20 år kan søkje om idrettsstipend. Tildeling skjer etter anbefaling frå Tokke idrettsråd. Tilskotet vert fordela etter tilgjengelege midlar og talet på søkjarar, basert på korleis søkjarane oppfyller kriteriene.

Søknadsfrist: 12. mai 2024

Les meir om ordninga her: https://www.tokke.kommune.no/tilskotsordningar.487640.nn.html
søknadsskjema finn du her: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=752&externalId=3824&languageCode=nn

 

Kulturpris
Tokke kommune har kulturpris som kan delast ut kvart år. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag som har tilhald i Tokke kommune, eller som elles er knytt til kommunen, og som har gjort/gjer ein innsats ut over det vanlege innanfor det utvida kulturområdet.

Nominasjonsfrist er 12.mai 2024, send nominasjonar til postmottak@tokke.kommune.no