Kva vi kan helpe deg med

  • Bistand til næringsutvikling i landbruket
  • Førstelinjetenesta for Innovasjon Norge
  • Bistand ved bruksutbygging
  • Samarbeid med etablerertenesta
  • Søknadar om statlege tilskot
  • Søknadar om kommunale tilskot
  • Henvendingar kring konsesjon og buplikt

 

Landbruksplast

Det vert no mogleg å levere inn landbruksplast heile året på Vistadmoen avfallsmottak i opningstida kvar tysdag frå kl 1400-1900, evnt på dei to andre satelittstasjonane i Vinje eller Fyresdal- sjå opningstider her.

Hugs å sortere rett, slik at dette vert ei varig ordning- sjå vedlagt info.

  • Kvit folie skal skiljast frå farga folie, den har lågare verdi for mottakar
  • Fjern forrestar, pressegarn, rundballenett, stein, jord
  • Stor- og gjødselsekkar er restavfall pr. i dag- og skal ikkje vere med

Guide til kildesortering.

Nydyrking

Dersom du ynskjer å dyrke nye areal til jordbruksføremål, må du søkje kommunen om godkjenning.  Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år.

Meir informasjon og skjema finn du her