Tokke kommune har fått tilsett ny fastlege -   Gunnar Grøstad Johnson. Gunnar  er spesialist i allmennmedisin og starta på kontoret 24. mars. Foreløpig vil han arbeide 60 % stilling.

Stella Servoli kom som ny LIS 1 (turnuslege) 2.mars, og skal vere her til 1.september 2020.

 

Tokke legekontor har organisert seg på ein måte som sikrar at drifta kan oppretthaldast også i møte med eventuell aukande førekomst av smitte. Dette vil mellom anna føre til at pasientar ikkje har same tilgang  til sin fastlege som elles.
Fastlegane tilbyr no berre heilt nødvendige tenester, som akutte medisinske behov eller nødvendig oppfølging av kroniske tilstandar. 

Tokke legekontor fyljger helsedirektoratet sine råd ved prioritering av pasientar. Desse finner du her:

https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/rad-om-prioritering-av-helsehjelp-i-norge-under-koronakrisen#prioritering-i-kommunal-helse--og-omsorgstjeneste

Legetenesta nyttar telefonkonsultasjonar eller videokonsultasjonar der dette let seg gjere.

Tokke legekontor fylgjer opp dei pasientane som treng det, og vil ta direkte kontakt med  pasientar om ein ser det er nødvendig. 

Ein oppmodar pasientar til å ta kontakt med legekontoret viss det er heilt nødvendig for medisinsk oppfølging.
Viss pasientar er i tvil om ein treng legehjelp og er urolig for eigen helsetilstand, er det framleis viktig at du tek kontakt med oss. 

Vi  minner om at det er svært viktig at alle fylgjer nasjonale og lokale  retningslinjer for å førebyggje smitte. Vi ynskjer alle å verne om dei mest sårbare pasientane våre