Idrettsstipend
Unge idrettsutøvarar mellom 16 og 20 år kan søkje om idrettsstipend. Tildeling skjer etter anbefaling frå Tokke idrettsråd. Tilskotet vert fordela etter tilgjengelege midlar og talet på søkjarar, basert på korleis søkjarane oppfyller kriteriene.

Søknadsfrist 1. mai!

Les meir om ordninga her: https://www.tokke.kommune.no/tilskotsordningar.487640.nn.html
søknadsskjema finn du her: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=752&externalId=3824&languageCode=nn

 

Kulturpris
Tokke kommune har kulturpris som kan delast ut kvart år. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag som har tilhald i Tokke kommune, eller som elles er knytt til kommunen, og som har gjort/gjer ein innsats ut over det vanlege innanfor det utvida kulturområdet.

nominasjonsfrist 1.mai 2023, send nominasjonar til postmottak@tokke.kommune.no
her finn du vedtektene og oversikt over tidligare vinnarar: https://www.tokke.kommune.no/kulturpris.487643.nn.html

 

Verne- og restaureringspris
Verne- og restaureringsprisen skal stimulere til vern og vedlikehald av eldre kulturhistorisk og arkitektoniske verdfulle bygningar, bygningsmiljø og andre verdfulle kulturminne. Prisen kan gjevast til ein eller fleire personar eller institusjonar som har drive systematisk vedlikehald eller sett i stand bygningar eller kulturminne etter antikvariske retningslinjer.

Nominasjonsfrist 1. mai 2023, send nominasjonar til postmottak@tokke.kommune.no

les vedtekter og sjå oversikt over tidligare vinnarar her: https://www.tokke.kommune.no/tilskotsordningar.487640.nn.html