Ny i Tokke?

Hjarteleg velkomen skal du vera!

Me ynskjer at du skal ha lett tilgang til informasjon frå oss. Me har derfor samla nyttig informasjon for nye innbyggarar på nettsida her: Ny i Tokke – tokke.kommune.no Lenke til et annet nettsted.
(For å finne denne sida frå startsida til www.tokke.kommune.no, gå inn på "Velkomen til Tokke".)

Tokke har eit rikt frivilligliv med mange lag og foreningar. Her kan du engasjere deg i blant anna idrett, musikk og kultur. Dette er ein fin måte å bli kjent med andre på. For oversikt over kva for lag og organisasjonar me har i kommunen, sjå her. Åpnes i nytt vindu.

Til deg som har flytta til Tokke
Me ynskjer å helse deg velkomen ved å gjeva deg ei lita velkomstpakke. Denne får du ved å ta kontakt med kommunen: Resepsjonen tlf. 35 07 52 00 E-post: resepsjonen@tokke.kommune.no

Til deg som er elev ved Vest-Telemark vidaregåande skule
Tokke kommune ynskjer også å helse deg velkomen, ved å tilby inntil 3 års gratis aktivitetstilbod medan du er elev ved Vest-Telemark vgs. Årskortet får du på kommunehuset.
Du kan velge eitt av tre tilbod:
- gratis årskort på Tokkegym
- gratis årskort på Tokkebadet, eller
- gratis undervisning i ein aktivitet i kulturskulen (dersom det er kapasitet)


Litt om fritidsaktivitetar i Tokke kommune:

Kulturskule
På kulturskulen kan du gå for å lære deg blant anna eit instrument, syngje, danse eller teikne og male. Undervisninga er individuell eller gruppebasera, eller båe, avhengig av disiplin. For oversikt over tilbod og korleis du kan melde deg på, sjå her. Åpnes i nytt vindu.

Bibliotek og Kulturhus
Tokke bibliotek og kulturhus har kino, teater, forskjellige arrangement og ikkje minst bøker.
Følg med på "Kva skjer" Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., Tokkenett, Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Bygdekinoen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og innbyggarappen Friskus.

TokkeGym
TokkeGym er kommunale treningsrom i Høydalsmo og på Dalen som er opne for alle over 16 år. Prisar og opningstider finn du meir om her Åpnes i nytt vindu..

Tokkebadet
Tokkebadet er ein kommunal symjehall på Dalen. Det er to basseng eit på 28 grader og eit terapibasseng som held 34 gradar. Meir informasjon finn du her. Åpnes i nytt vindu.

Tokkehallen
For informasjon om årets aktivitetar sjå på sidene til Idrettslaget Tokke Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og Åmdal / Tokke fotballklubb. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sjå også Høydalsmo IL Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., Byrte Idretts- og grendelag Lenke til et annet nettsted., og Åmdal IL Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. for andre/fleire aktivitetar.
I Tokke er det også blant anna padelbane Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., slalåmbakkar på Hallbjønnsekke Lenke til et annet nettsted.n og eigne lag for motorsport Åpnes i nytt vindu.. Oversikt over dei fleste lag finn du her Åpnes i nytt vindu..

Tokke Frivilligsentral
Frivilligsentralen er ein lokalt forankra møteplass, open for alle som har lyst til å delta i frivillig arbeid, og eit bindeledd mellom menneske, lag og organisasjonar. Frivilligsentralen har også eit utlånslager der du kan låne ski, syklar, SUP-brett og anna gratis.

Ta gjerne kontakt om du har ynskje om aktivitet eller samarbeid, vil låne lokale, vil vera frivillig, ynskjer hjelp til søknadar, eller bare vil ta ein prat.

For meir informasjon sjå her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Innbyggarappen Friskus
For å halde deg oppdatert på viktig informasjon frå kommunen, tilrår me at du lastar ned innbyggarappen Friskus. Då vil du få målretta og nyttig informasjon frå kommunen rett på mobilen. Du vel sjølv kva tema du vil følgje med på, og får varsel når noko nytt skjer. Ser du blant anna etter ledige stillingar i kommunen, så kan du få varsel om dette direkte inn på mobilen. For meir informasjon om Friskus, og nedlastingslenke, sjå her. Åpnes i nytt vindu.

Visit Dalen
For å få god informasjon om blant anna vår vidkjende sauna Soria Moria, Telemarkskanalen, overnattingsmoggleghetar, kulturattraksjonar/museum samt turtips, bør du også slå opp på sida til Visit Dalen. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Her i Tokke har me vakker natur, kultur og mange aktivitetstilbod tilgjengelege, klare til å utforskast av deg!


Me håpar du vil trivast hjå oss!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?