Treng barnet ditt hjelp, eller vil du melde frå om barn som treng det?

Alle kan ein eller annan gong hamne i ein situasjon der ein treng hjelp til seg sjølv og barna sine. Barnevernet er til for å hjelpe barn og for å sikre at dei vert tekne godt vare på.

Når du og familien din har behov for å møte barnevernstenesta, eller barneverntenesta har behov for å møte deg, vil desse møta skje på kommunehuset i den kommunen der de bur.

Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.

Hjelpetiltak er som oftast helt frivillig og er noko som kan verte ei positiv  endring for barnet og familien.

Slike hjelpetiltak kan vere rettleiing, støttekontakt, avlasting for foreldre, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak. Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Me legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Foreldre, vener, grannar, barnehage, skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn har det vanskeleg, kan melde frå til barnevernstenesta. Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte vert ikkje sett på som ei melding.

Barneverntenesta har plikt til å følgje opp ei melding eller eit spørsmål frå foreldre som treng hjelp.

Barnevernstenesta skal

  • leggje bort meldinga dersom ho er klart grunnlaus
  • starte undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter barnevernlova eller
  • leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylde.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn vert utsette for grov omsorgssvikt som til dømes omsorgssvikt, rusmisbruk, psykiske, fysiske eller seksuelle overgrep.

I slike situasjonar, skal barnet få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon. Dei har rett til fritt å gje uttrykk for synspunkta sine.