Jarand Felland er ordførar i kommunestyreperioden 2019 - 2023
Ordføraren er leiar for kommunestyret og formannskapet. I kommunestyret i Tokke er det totalt 21 medlemmar frå Senterpartiet (9), Arbeidarpartiet (8), Miljøpartiet dei Grøne (2), Kristeleg Folkeparti (1) og Sosialistisk Venstreparti (1). Tokke formannskap har 7 medlemmer.
Ordførar og varaordførar er dei som ofte representerer kommunen i ulike møter.
Ta gjerne kontakt med oss på epost eller telefon. Hugs at epostar og annan post blir handsama i samsvar med lov om offentlegheit i forvaltninga.
Ynskjer du møte med oss, ta gjerne kontakt på førehand, så er du sikker på at vi er på kontoret når du kjem.
Fylg oss gjerne på Facebook!
Ordførarar i Mo herad 1837 - 1964
1838 - 1843 P.B Wettergreen
1844 - 1845 Talleiv Tarjeisen Løvig
1847 - 1855 Aanund Knudsen Mostøyl (Ingen foto)
1856 - 1867 Olaf Storåslid
1868 - 1870 Aanund Knudsen Mostøyl (Ingen foto)
1871 - 1884 Olav Johnsen Midtbø
1885 - 1887 og 1890 - 1892 Olav L. Felland
1888 - 1889 og 1901 - 1904 Gjermund O. Holten
1893 - 1900 Olav O. Brattestå
1905 - 1910 Dreng Nordjordet
1911 - 1913 og 1917 - 1919 Steinar Gj. Aamdal
1914 - 1916 Olav O. Bergland
1920 - 1922 og 1929 - 1931 Aasmund Tveito
1923 - 1928 og 1932 - 1937 Jon Vistad
1938 - 1941 Olav G. Nystad
1945 (førebels) Olav Koldkjenn
1946 - 1947 og 1952 - 1964 Tarjei Bekk
1948 - 1951 Olaus G. Johre