Kva vi kan hjelpe deg med

  • Bindeledd mellom lokal reiselivsnæring og regional/statleg myndighet og verksemder (eks. Visit Telemark, Telemarkskanalen, Telemark fylkeskommune, Visit Norway)
  • Bistå i marknadsføring og salsretta tiltak
  • Tilrettelegging for aktiv bruk av natur
  • Vidareformidle aktivitetar, arrangement og tilbod frå lokale aktørar
  • Tilskot og støtteordningar
  • Informasjons – og kulturarbeid

Tokke tilbyr

Dalen i Tokke ligg i hjarta av Telemark i den øvre enden av Telemarkskanalen.

Ei reise på Telemarkskanalen frå 1892 er ei reise i natur og kultur, gjennom sluser og kanalar og over store vatn der naturen stadig endrar seg. Kanalen strekkjer seg 105 km inn i landet fra Skien til Dalen - eit unikt stykke kulturhistorie frå kyst til fjell.

Her finn du fantastiske kulturskattar både langs landevegen og på flotte museum. Vest-Telemark Museum med flotte utstillingar og historieforteljingar, bygdetun og aktivitetspark med miniatyrmodell av Telemarkskanalen. Vakraste Eidsborg stavkyrkje frå 1250– ei levande soknekyrkje med ei unik historie. Åmdals Verk Gruver med spennande gruvevandring og geologiutstilling. Grimdalstunet med bygdetun og skultpurar av bilethoggaren og eventyrjenta Anne Grimdalen. Ravnejuv – spektakulært utkikkspunkt og 350 meter høg juv; kast eit blad utfor og sjå det komme opp att med luftstraumen! Dalen Hotel – eventyrhotellet frå 1894. Husmannsplassen Rui der dei nydelege Ruijentene Ingerine og Gurine budde.

For deg som er glad i å vandre er Dalen og Tokke eit paradis

Me har mange godt merkte og vakre turstiar frå lågland til høgfjell, gjerne lagt i tilknytning til ulike kulturminne. Gå spektakulære Lårdalstigen – himmelturen høgt over Telemarkskanalen, vakre sherpatrappa av brynestein opp til Rui og vidare til Eidsborg med vandring til Brynsteinbrotet. Naturopplevingar får du på alle kantar, om du er ute og vandrar, padlar på eller syklar langs Telemarkskanalen, eller kanskje er på jakt etter storauren i Tokkeåi.

Eit bad i Bandak etterfulgt av eit besøk i unike Soria Moria sauna er ein perfekt avslutning på ein aktiv dag i naturen!

Me har gode overnattingsstader

Storslåtte Dalen Hotel, Buøy camping med hytter og camp, Bandak Camping i Lårdal, B&B, Storvegen 190 og unik soveboks i Bandaksli for syklistar og padlarar, 

Er du på jakt etter eit godt måltid

Då kan du nyte det i sommarvarmen på bryggjekanten eller oppe på fjellet på Hallbjønnsekken etter vandre-eller skituren. Dalen Hotel har eit førsteklasses kjøkken som leverar matopplevingar utanom det vanlege.

Me har koselege butikkar og handelssentrum, der du kan gjere ein god handel og finne ting du ikkje finn alle andre stader.

Vinterstid

Hallbjønnsekken, Høydalsmo og Øyfjell byr på flotte preparerte skiløyper i variert og vakkert terreng. På Hallbjønnsekken har me også eit skitrekk med 2500 meter nedfartar i naturleg variert terreng.

Besøk oss på turistkontoret på Dalen for råd og tips til opplevingar, kjøp av turkart, fiskekort, Ruikopp, postkort, boka om Rui-jentene med meir! På www.visitdalen.com kan de lese om alt Dalen og Tokke har å tilby!


Velkommen skal de vere!