Fakturering av gebyr i samband med renovasjonsordninga, er det Tokke kommune som utfører - har du spørsmål om tilsendte fakturaer, ta kontakt med kommunen.

Renovest har nå tatt i bruk appen Min Renovasjon. Her kan du enkelt finne ut kva for avfall som blir tømt hos deg og få varsel om når du bør sette fram dunken din. I tillegg kan du søke opp næraste returpunkt og for hytteabbonnentar næraste hyttereturpunkt. Søk etter Min Renovasjon i App Store eller i Google Play Butikk og last ned appen.

Sjå Renovest sine sider for meir informasjon.

Bioposar

Bioposar og sekkar til plast vert levert ut etter behov.

Desse kan du få ved å henge lapp på dunken, så legg renovatøren igjen rullar til deg den veka han hentar matavfall/papir.

Du kan og få bioposar og sekkar til plastavfall på Kommunehuset, Vistadmoen, Hovdestadmoen, Skårmoen og på Brunkeberg avfallsanlegg.