Samfunnsdelen

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument og inneheld to delar: Samfunnsdelen og arealdelen. Samfunnsdelen vart vedteke av kommunestyret den 14.juni 2016.

Samfunnsdelen skal trekkje opp dei langsiktige måla for kommunen, gjerne med ein visjon i botn. Planen skal med bakgrunn i dei overordna måla, leggje strategiar og føringar for utvikling av kommunen komande år.

Kommunestyret i Tokke vedtok i møte 14. juni 2016 og i medhald av Plan- og bygningslova § 11 - 15:

Arealdelen

Arealdelen for Tokke kommune 2005 - 2017

Kungjering av kommuneplanens arealdel for Tokke kommune (pbl §20-5)

Tokke kommunestyre vedtok i møte 13.09.05 å godkjenne kommuneplanens arealdel for perioden 2005-2017. Sentrale punkt i planen er følgjande:

  • Det er innarbeidd omlag 18 område for spreidd hyttebygging.
  • Planen vidarefører eksisterande område for konsentrert hyttebygging i tillegg til nye område som Buin og Skredvatn
  • I alt 17 område, for det meiste i eksisterande grender er det høve til spreidd bustadbygging og yrkesbygg
  • Totalt 24 gamle disposisjonsplanar er lagt ut som eksisterande spreidd hytteområde med høve til gjennomføring av plan
  • Avstandsgrense til vassdrag er redusert frå 100 til 50 meter
  • Tokke kommune har lagt inn trase for høgfartsbane
  • Planen har auka areal for eksisterande hytter i LNF-område til 150 m2 BRA og uthus/anneks til 30 m2
  • Ein legg vekt på god byggeskikk i byggeområda
  • Planen legg føringar for samfunnstryggleik i vidare planarbeid (utgreiingar i høve til ras, flaum, viltinteresser m.m)
  • Trygge born og unge sine oppvekstkår m.m.

Det ligg føre motsegn frå Fylkesmannen i byggeområde (for hytter) vest for Hallbjønnsekken samt området Gamasfitt (spreidd hyttebygging). Planen har difor ikkje rettsverknad for dette område inntil motsegna er trekt, eventuelt endring av plan eller avgjersle hjå departementet. Planen kan sjåast på Tokke kommune sine heimesider, kommunehuset og biblioteka i kommunen.
(Du treng Adobe Reader for å lese fleire av dokumenta)

Politisk handsaming

Merknader og motsegn

Kart, føresegner og planomtale

Risikovurderingar (ROS)

Møtereferat

Tidlegare dokument i sak kan du studere ved å trykkje på teksten under:

 

Kommunal planstrategi 2016-2020

Planstrategien for kommunen gjer greie for kva politisk vedtekne og prioriterte satsingar og planarbeid som skal liggje til grunn for perioden. Planstrategien gjev ei oversikt over dei samla planane i kommunen og er retningsgjevande for kva som skal prioriterast. Dette gjeld både strategiar og planar for kommunen sine tenestetilbod og for arealplanar etter lan- og bygningslova, Pbl. Planstrategi er eit lovpålagt dokument jfr. Pbl. Kapitel 10.