Ein kan søkje om undervisning i ulike instrument, song, band, kor, korps og visuelle kunstfag. Det vert lagt til rette for ulike kurstilbod undervegs i kulturskuleåret. Undervisninga er individuell- eller gruppebasert.

Me fylgjer skuleruta for grunnskulane i Tokke. Kulturskulen har 36 undervisningsveker. Noko av undervisinga kan felle bort under større arrangement som «kulturveka».

Fylg oss på facebook/Tokke Kulturskule og få jamlege oppdateringar og viktige beskjedar.

Elevopptak

Kulturskulen er ein inkluderande læringsarena, og alle som bur i kommunen kan søke plass i kulturskulen. Kulturskulen prioriterer born og unge, men me tek inn vaksne ved ledig kapasitet.
Under tilbod inn du meir informasjon om aktivitetane og anbefalte målgrupper.

Opptak til kulturskulen

Søknadsfrist 1. juni

Elevane bind seg for eit halvt år/ eit semester/ eit kurs ved påmelding. Påmeldinga er bindande til du skriftleg melder deg ut av kurset/ kulturskulen. OBS! kulturskuleelevar som er under 18 år går automatisk over i nytt semester.

Elevar som ikkje får plass ved opptak 1. juni eller som søker etter fristen blir satt på venteliste og blir kontakta av lærar ved ledig plass.

Elevar eldre en 18 år må årleg søke undervisningsplass.

Prioritering ved opptak
1. elevar i grunnskulealder
2. elevar i vidaregåande utdanning
3. elevar over 18 år
4. søkarar frå andre kommunar

Oppseiing av plass
for haustsemesteret er fristen 1. juni
for vårsemesteret er fristen 1. desember
utmeldingar mellom 1. juni og semesterstart vert fakturert med eit administrasjonsgebyr, jamført vedtektene.

Ved manglande oppseiing vert det fakturert for det kommande halvår.

 

Tilsette

Lærarar

Tom Bråthen Gitar og sceneteknikk 90 99 18 17
Svetlana Sheytanova Piano og song 91 00 24 14
Galina Novikova Piano og song 48 25 04 35
Ragnhild Stigen Korps og messing 48 15 85 71
Aneesh Asok Dans 49 64 23 63
Svein Laingen Slagverk og gitar 45 23 58 70
Ingrid Kollberg Sylvkurs 47 63 71 20
Siri Møller-Holst Messing og korps 41 07 42 62

 

Kurshaldarar

  • Ingrid Kollberg (sylvkurs)
     

Dirigentar, korps

  • Ragnhild Stigen (dirigent Høydalsmo og Lårdal skulekorps)
  • Siri Møller-Holst
     

Administrasjon

  • Siri Møller-Holst kulturskulerektor. Tlf 35 07 52 28/41 07 42 62
  • Anne Marit Roholdt, lokal dks og fakturering. Tlf 35 07 53 10