Tokke har totalt 2220 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Lågaste terrengpunktet er Bandak på 72 m.o.h. og høgste er Kvannfjellet på 1537 m.o.h.

Kommunesenteret Dalen med 900 innbyggjarar, ligg sentralt i kommunen, - i enden av Bandak og Telemarkskanalen. Dalen er eit regionalt viktig senter med kompetansearbeidsplassar, industri, reiseliv og handel.  Prisbelønte og ærverdige Dalen hotel, Vest – Telemark Vidaregåande skule, Statkraft regionkontor, NAV Vest – Telemark, Vest – Telemark kraftlag, Vest – Telemark Museum, Dalen Mekaniske AS og Bruvoll Marel AS, er døme på store arbeidsplassar i kommunen vår.

Vintersportstaden og veg-knutepunktet ved E134 i Høydalsmo, sommarbygda Lårdal, landbruksbygdene Mo og Byrte i vest, samt grendene Austheii, Åmdals Verk og Skafså i sør, er lokalsamfunn med framifrå buplassar, mykje frivillig arbeid og med gode møteplassar. Tokke er eit gamalt bjørneområde, noko som er skildra i kommunevåpenet vårt.

Visjonen vår er Kompetanse, kraft og kultur og vitnar om dei grunnleggande elementa i samfunnsutviklinga vår.