Skulen ligg eksepsjonelt flott til med naturen rett utafor glaset. Me har tilgang til vatn med strond, sandvolleyballbane, fotballbane med løpebane og eit flott terreng til turar, orientering og ski. Skulen har eit godt og trygt miljø som elevar og lærarar trivast i.

Skuledagane

1-4 klasse: måndag, tysdag, onsdag, og fredag kl. 08:45 - 14:25 
Torsdag fri.

5-10 klasse: måndag - fredag kl. 08:45 - 14:25

FAU/SU

Alle foreldre som har born i skulen, er medlem av skulens foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemmen overfor skulen.

FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for læringsmiljøet til elevane er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.

FAU er heimla i opplæringslova § 11-4

Oppgåver for FAU

  • Jobber for eit godt skulemiljø
  • Ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevane
  • Informere og høyre alle foreldre om aktuelle saker
  • Arrangere samlingar for foreldre og lærarar
  • Samarbeide med elevråd, SU, SMU, KFU, rektor og lærarar
  • Etablere kontakt mellom skule og lokalsamfunn

Leiar for FAU Høydalsmo skule er

Vedtekter for FAU Høydalsmo

Samarbeidsutval (SU)

Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste rådgjevande organ og der er alle partane i skulen representert: elever, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vere den eine. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

SU kan uttale seg om fylgjande

  • Forslag til budsjett
  • Verksemd- og utviklingsplanar for skulen
  • Plan for heim-skule-samarbeid
  • Skulevurdering
  • Planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegga
  • Prinsipp for val av bøker til skulearbeid
  • Fritidsaktivitetar
  • Skuleskyss
  • Trafikkforhold og korleis skulevegen kan sikrast
  • Ordensreglement

Leiar i SU Høydalsmo er