Ergoterapeutar hjelper til med å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og krava i kvardagen. Ein ergoterapeut gjer det mogleg for deg å utføre dei aktivitetane som er viktige i livet ditt. Ein ergoterapeut gjer det mogleg for deg å leve eit så aktivt liv som råd er

Ergoterapeuten

  • undersøkjer og vurderer funksjonane dine, det du vil gjere og omgjevnadene dine
  • legg til rette dei fysiske omgivnadene i heim, barnehage/skule, arbeidsplass og sjukeheim
  • formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel
  • velferdsteknologi
  • Syn- og hørselskontakt

Tenesta går inn som ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, både i sjukeheim og i private heimar.

Målgruppe

Alle som på grunn av nedsett funksjonsevne har utfordringar med aktivitetar i kvardagslivet.

Vilkår

Ergoterapeuten vil gjere ei fagleg vurdering av behovet ditt.

Pris

Tenesta er gratis.