Tokke kommune gjev tilskot til tiltak og investeringar i landbruket som medverkar til auka lønsemnd, aktivitet, rekruttering og busetjing.

 

Søknad

Før du søkjer, er det viktig å lese gjennom reglane og vilkåra for det kommunale tilskotet, sjå nedanfor. Som søkjar vil du bli beden om å akseptere desse vilkåra.

Landbruksføremål - Søknad om kommunalt tilskot

 

Vilkår for tilskot etter landbruksplan

  • Tilskotsmottakar sitt føretak skal halde til i Tokke
  • Tilskotet skal gå til eit jordbruksføretak som driv aktiv landbruksnæring og til eit tiltak med næringsmessig preg. Unnataket er dreneringstilskot der både eigar og leigar av jordbruksjord kan søkje.
  • Søknadar skal vere skriftlege. Kommunen set krav til søknad og dokumentasjon, jf. eige søknadsskjema. Søknadar vert handsama fortløpande, og kan knytast opp mot evt. søknad til Innovasjon Norge.
  • I medhald av delegasjonsreglementet gjev landbruk, miljø og teknisk utval, administrasjonen mynde til å gjere vedtak i kurante saker etter regelverket. Dette gjeld og for andre søknader med løyving under kr 10 000,-.
  • Sakshandsamar skriv vedtak, fastsett arbeidsfrist og vilkår som gjeld for tilskotet.
  • Kommunen kan krevje dokumentasjon av kostnader, og kan krevje synfaring ved sluttgodkjenning
  • Det kan søkjast om utsett arbeidsfrist, men ikkje meir enn totalt fem år. Kommunen kan utan varsel trekke inn løyvingar som ikkje er nytta innan fastsett arbeidsfrist.
  • Tilskot kan delutbetalast, men 25 % skal haldast att til prosjektet er ferdig og det føreligg eit sluttrekneskap.
  • Dersom eit prosjekt utløyser tilskotssum over 100 000 skal søkjar sende skriftleg aksept for at tilskotsmottakar mottek tilskotet.
  • Tilskotssum vert redusert tilsvarande dersom storleiken på prosjektet vert mindre enn rekna.
  • Krav om drift i minst 5 år etter prosjektet er sluttført. Dersom drifta vert avslutta før må tilskotet tilbakebetalast tilsvarande attståande driftsår.

 

 

Føremål det kan gjevast tilskot til

Vedteke i kommunestyret 13.12.22                          

SatsingsområdeTilskotssats
Driftsbygningar: nybygg, oppgradering og ombygging etter offentlege krav, gjeld også solcellepanel på landbruksbygg20 % av kostnad, inntil kr. 700 000. 30 % for prosjekt opp til kr. 1. mill.
Nydyrking til fulldyrka jord (må ha godkjent plan)kr. 6000 pr. daa, inntil kr. 250 000
Drenering av jordbruksjord (gjeld lukka drensgrøfter)kr. 70 pr. lm, avgrensa til kr 2500 pr. da.
Oppgradering av dyrka mark (utover ordinær fornying av eng)kr. 2500 pr. da.
Elektronisk overvaking og gjerdeteknologi for beitedyr (gjeld ikkje abonnement)30 % tilskot til kjøp av avgrensa oppover til kr. 900 pr. stk.
Kjøp av mjølkekvote75 % av statleg pris
Plastpresse for landbruksplast20 % av kostnad, inntil kr. 8000.
Oppstartstilskot ved etablering med frukt grønt/marknadshage/andelslandbruk m.m.Kr. 30 000
Tilskot ved generasjonsskifteKr. 100 000
Motormanuell hogstkr. 100 pr. m3
Ungskogpleie20 % av kostnad pr. da