Ein kan søkje om undervisning i ulike instrument, song, band, kor, korps og visuelle kunstfag. Det vert lagt til rette for ulike kurstilbod undervegs i kulturskuleåret. Undervisninga er individuell- eller gruppebasert og startar opp i veke 35.

Me fylgjer skuleruta for grunnskulane i Tokke. Elevane får undervisning kvar veke, forutan fyrste skuleveke haustsemesteret, samt den veka ungdomsskulane har «Musikkveka».

Fylg oss på facebook Tokke Kulturskule og få jamlege oppdateringar og viktige beskjedar.
 

Personvern

Kulturskulen ynskjer å bruke bilde/video av elevane i relevante samanhengar, derfor får elevane utdelt eit samtykkjeskjema for video og bilde av læraren. 

Elevopptak

 

Kven kan søke? Kvar finn eg søknadsskjema? Kan eg sei opp elevplassen min midt i eit semester?

Kven kan søke?

Kulturskulen skal vera ein inkluderande læringsarena, og alle som bur i kommunen kan søke om undervisningsplass hjå oss. Kulturskulen prioriterer først og fremst barn og unge, men me tek likevel inn vaksne om det er ledig kapasitet. Sjå anbefalt målgruppe for dei ulike tilboda.

Søknadsskjema

Elevar bind seg for eit halvt år/eit semester/eit kurs ved påmelding. Påmeldinga er bindande til du skrifteleg melder deg ut av kurset/kulturskulen. Kulturskuleelevar som er yngre enn 18 år går automatisk over i nytt semester. Elevar eldre enn 18 år må søke undervisningsplass årleg, innan 01. juni.

Prioritering ved opptak

1. Elevar som har plass frå før
2. Elevar frå grunnskulen
3. Elevar frå vgs
4. Vaksne
5. Søkjarar frå andre kommunar

Oppseiing av plass

For haustsemesteret må du sei opp plassen din skriftleg innan 1. juni.

For vårhalvåret må du sei opp skriftleg innan 1. desember.

Utmeldingar mellom 01.juni og semesterstart vert fakturert med eit administrasjonsgebyr, jamført vedtektene.

Ved manglande oppseiingar vert det sendt ut faktura for det komande halvår.

Tilsette

Lærarar

  • Tom Bråthen
  • Svetlana Sheytanova
  • Galina Novikova
  • Ragnhild Stigen
  • Aneesh Asok
  • Svein Laingen
  • Ingrid Kollberg
  • Siri Møller-Holst

 

Kurshaldarar

  • Ingrid Kollberg (sølvkurs)
     

Dirigentar, korps

  • Ragnhild Stigen (dirigent Høydalsmo og Lårdal skulekorps)
  • Siri Møller-Holst
     

Administrasjon

  • Jan Olav Hemsing, kulturskulerektor 
  • Anne Marit Roholdt, lokal dks og fakturering