eFaktura

Alle som ynskjer eFaktura frå Tokke kommune må krysse av for "ja takk til alle" i sin nettbank.

Bedrifter kan då nytt opplysningane den har om deg, som namn, adresse, eventuelt mobilnummer og epostadresse, til å søkje opp din unike eFakturaadresse og sende deg eFaktura. Efaktura gjer at du enkelt får rekningane for kjøp av varer og tenester frå bedrifter, dersom du har takka "ja takk til alle" på ein betalingsflate som tilbyr eFaktura. Du mottar eFaktura enten i nettbank, Vipps eller mobilbank, og dei må godkjennast eller slettast der.

Me oppmodar alle til å velje eFaktura. Då unngår ein feil ved betaling, og færre papirfakturaer.

eFaktura fungerar ikkje mot organisasjonsnummer, bare personnummer. Bedrifter må nytte EHF - faktura.

Papir i postkassa

Du får faktura med post om du ikkje har oppretta Avtalegiro eller eFaktura i nettbanken din.

EHF - faktura

Send oss organisasjonsnummeret om du ynskjer dette.