Reguleringsplanar er juridisk bindande arealplanar som må følgjast når det gjeld ved søknader om t.d. frådelingar, bygging, etablering av vegar og andre arealbruksspørsmål og fysiske tiltak. Det er utarbeidd reguleringsplanar i tettbygde område og i hytteområde. Nedanfor ser du kva eigedomar og område som er omfatta av reguleringsplanar. Der det ikkje ligg føre reguleringsplan, er det kommuneplanen sin arealdel som er juridisk bindande i areal- og byggjespørsmål.

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen bestemmer korleis området kan brukast og kva som kan byggast der.
Planen består av av eit kart med konkrete føringar for kva formål eigedomen har og kva som kan gjerast på eigedomen, til dømes kor høgt og stort du kan bygge. Dersom du planlegg å bygge på ein eigedom, må du fyrst undersøke kva for reguleringsplan som gjeld for den aktuelle eigedomen.

To typer reguleringsplanar

Det finst to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering.

Områderegulering lagast av kommunen og styrer utviklinga i eit større område, til dømes Åmot sentrum.

Detaljreguleringar er planar for mindre område til dømes bustadfelt, hyttefelt eller vegstrekning. Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar og andre initiativtakerar kan koma med forslag til ei detaljregulering, men det er fagpersonar som arkitektar og arealplanleggarar som utarbeidar planforslaget.

Det er kommunestyret i Vinje som vedtek reguleringsplanane.

Korleis kan du påvirke reguleringsplanen?

Ein viktig del av arbeidet med reguleringsplanen er å få innspel frå innbyggarane. Du kan koma med innspel til to rundar i planarbeidet: Når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart) og når forslaget er klart (ved offentleg ettersyn). I begge rundane får naboar, grunneigerar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet. Planarbeidet vert også kunngjort i Vest-Telemark blad og her på Kunngjering av planar til høyring. I kunngjeringane står det korleis du kan koma med merknader og innspel, og kven du skal rette dei til.

Varsel om oppstart

Når nokon skal lage ein reguleringsplan, må dei varsle om oppstart av planarbeidet til naboar og andre som blir berørt av planen. Dersom du har fått eit slik varsel og har spørsmål eller innspel til planarbeidet, sender du dei til den fagkunnige som står som avsendar. Fristen er opptil seks veker.

Offentleg ettersyn

Når me har motteke planforslaget , skal alle få moglegheit til å koma med innspel. No inneheld planforslaget detaljerte beskrivingar, kart og føresegner og andre utgreiingar. Dersom du har merknader og innspel, sender du dei direkte til oss, dette står i Kunngjeringa. Fristen for å koma med merknader i denne runden er minst seks veker.

Etter runden med offentleg ettersyn, skal kommunen og den som har laga planforslaget, vurdere kva for uttaler/merknader som skal påverke planforslaget. Den som har laga planforslaget oppdaterer så forslaget, og planforslaget blir sendt til politisk handsaming i plan-og miljøutvalet i kommunestyret.

Fritidsbustader

Plankart og føresegner  
10/1  Skatter Plankart     Føresegner
15/11 Myrbø Plankart     Føresegner
36/3 Langesælie Plankart     Føresegner
77/1 Gråndalen hytteområde Plankart     Føresegner
77/1 Sauli Plankart     Føresegner
77/3 Buinstøyl Plankart     Føresegner
105/2 Hagaugarne Plankart     Føresegner
105/7 Hovund Plankart     Føresegner
105/8 Brurestøyl hyttefelt Plankart     Føresegner
112/1 Ånovd - Botnedalen Plankart     Føresegner
113/3,5 Låmyr - Botnedalen Plankart     Føresegner
118/1 Vendalen Plankart     Føresegner
123/1 Myrstøyl Plankart     Føresegner
123/7 Hallbjønnsekken Sør - eldre felt Plankart     Føresegner
123/7 Hallbjønnsekken Sør III Plankart     Føresegner
123/9 Svivom I Plankart     Føresegner
123/22 Svivom II Plankart     Føresegner
123/23 Svivom III Plankart     Føresegner
123/28 Borsætoppen Plankart     Føresegner
123/32 Digernes III Plankart     Føresegner
123/56 Hallbjønnsekken Vest Plankart     Føresegner
127/1 Neverdalen u/Tveiten Plankart     Føresegner
132/3 Aamli nedre - Hylebu Plankart     Føresegner
134/1 Tveiten Søndre - Hylebu Plankart     Føresegner
137/3 Gloslidheia - revidert Plankart     Føresegner
137/5 Grimdalsbakkane Plankart     Føresegner
138/4 Fjøddhommen - Hylebu Plankart     Føresegner

 

Sentrumsområder - bustad, næring, industri m.m

Plankart og føresegner  
20050004 Dalen Plankart     Føresegner
19970001 Høydalsmo Sentrum Plankart     Føresegner
20110002 Høydalsmo Aust Plankart     Føresegner
19900001 Lårdal Plankart     Føresegner
19780001 Åmdals Verk Plankart     Føresegner

 

Andre reguleringplanar

Plankart og føresegner 
26/4 Omdal skiferPlankart med føresegner
26/8 RuiPlanlart     Føresegner
34/8 Vest-Telemark MuseumPlankart     Føresegner
43/1 Rogdeli massetakPlankart     Føresegner
69/1 Kvåle steinbrotPlankart     Føresegner
99/2 Liotoppen massetakPlankart med føresegner
120/3 Dalaåi massetak/deponiPlankart     Føresegner
144/13 Eikland massetakPlankart     Føresegner