Me opnar for bruk frå tysdag 15. september 2020. Det er viktig at alle brukarar set seg inn i smittevernrutinane for bygget.
Om du vil sikre deg plass kan du tinge billett på førehand. Dette kan du gjera på http://tokkenett.no/ Dei som har årskort og vil sikre seg plass, må bestille billett på same måte, huke av på betaling med Vipps og vise årskortet sitt til vakta.
Smittevernrutinar for Tokkegym i samband med covid-19
- Opningstid: Tokkegym er ope kl. 16:00 – 20:00. (kort opningstid pga. covid-19)
- Timetrening, måndag – fredag: 16.00 -17.00, 17.00 -18.00, 18.00 –19.00, 19.00 –20.00
- Max antal: Max 5 personar kan trene i Tokkegym samstundes. Dette talet skal ikkje overstigast.
- Treningstid: Max 1 time pr. gong pr. person.
- Registrering/tinge: Fullt namn og telefonnummer må skrivast ved tinge billett på førehand, dette kan du gjøre www.tokkenett.no.
- Adgangskort : fungerar ikkje, vakta (45539578) opne hovuddøra kvar heile time
- Hygiene: Vask hender eller bruk handsprit før du går inn i Tokkegym.
- Garderobe: Du skal møte ferdig kledd til trening og ikkje nytte garderobane i idrettshallen.
- Medbrakt utstyr: Ein del utstyr er fjerna frå Tokkegym av smittevernhensyn. Dersom du tar med eige utstyr må dette desinfiserast.
- Sjukdom: Personar med teikn på, eller er forkjøla/luftvegsjukdom skal ikkje nytte Tokkegym før dei er symptomfrie. Personar i risikogruppa må rådføre seg med eigen fastlege vedrørande trening i Tokkegym.
- Reinhald av utstyr: Alle som nyttar treningsutstyret har eit sjølvstendig ansvar for å reingjere apparat og utstyr etter bruk. Alle kontaktflater skal reingjerast. Det er spray, papir og wipes tilgjengelig i Tokkegym.
- Smittevernrutinane elles i samfunnet gjeld: ha god handhygiene, hald minst 1 meter avstand og 2 meter avstand når du trenar hardt, unngå unødig berøring av kontaktflater, hugs hostehygiene.
- Brot på reglane/rutinane i Tokkegym kan medføre bortvising og inndraging av adgangskort (treningsavgift vert ikkje refundert).
- Stenging: Tokkegym kan verta stengt på kort varsel dersom smittevernreglane ikkje vert følgde og ved eventuelt nytt smitteutbrot.
VAKTA Tlf: 45 53 95 78