Den organiserte idretten har sju lag tilknytt Tokke Idrettsråd som alle er aktive med ulike greiner og til ulike stadar i kommunen. Barneidrett og gode vilkår for barn og unge er viktig for idretten, dette er og nedfelt i kommunens planverk knytt til idrett. Tokke har og fostra fleire idrettsutøvarar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Både innanfor motorsportmiljøet tilknytt Skafså motorsportklubb og frå vinteridrettsgreiner som kombinert og langrenn. OL gullvinner i kombinert Magnus Krogh er blant utøvarane Tokke kommune har sponsa. 

Friluftslivet i Tokke er knytt til natur som spenner frå høgfjell til Telemarkskanalens vassveg. Som del av Vandre Telemark er det utarbeida flotte kart og merkte turstiar i kommunen. Blant dei meir kjente er turen frå Eidsborg til Lårdal, Lårdalsstigen, ein spektakulær turveg langs fjellkanten av Telemarkskanalen.

Sjå meir utfyllande informasjon på Visit Dalen si heimeside. 

Orientering

I barmarksesongen er det turorientering i ulike område rundt Høydalsmo. Du får no kjøpt deltakarkonvoluttar på Circle K og bui i Øyfjell.  Postane er i år sett ut på karta Dauvi, Oftefjell, Slettemoen, Øyfjell og turkart "Tokke".

Du treng ikkje vera ekspert på kart og kompass for å finne fram. Postane er lagt i nærleiken av sikre haldepunkt.

Dei over 60 år og dei under 15 år treng å finne 20 postar for å fullføre, medan alle andre må finne 30 postar av totalt 58. Meir detaljert informasjon finn du i deltakarkonvolutten.

10 topper

Titoppers er ti toppar som skal vitjast og sesonger gjeng frå 1. juni til 1. juni . Det er sytten toppar å velje mellom. Titoppers er eit samarbeidsprosjekt mellom IL Tokke, Åmdal IL, Høydalsmo IL, Byrte IL, Mo grendelag, Eidsborg ungdomslag, Lårdal Vel og Austheii gredelag.

Alle som går på minst 10 toppar for premie. Born opp til 12 år kan deltake på 5 toppars, der dei kan velje 5 av dei 17 toppane i Titoppers.

Kort kan leverast i resepsjonen på Tokke kommunehus innan 1. Juni.

Turbeskrivelse finn du her.