Tokke bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek mellom Tokke bibliotek, Vest-Telemark vidaregåande skules bibliotek og Tokke skulebibliotek. Biblioteket ligg i Kulturhuset, midt mellom skular og idrettshall i eit område der mange ferdast. 

Biblioteket er tilgjengeleg for publikum utanom bemanna opningstid. Utlån og retur av bøker, film osb kan skje på automat for sjølvbetening. Alarmportalen vil pipe og registrere passering med materiale som ikkje er registrert som utlånt. Det er montert kamera for overvaking. Ved registrert utløysing av alarm eller ved oppdaging av andre uønskte hendingar, har bibliotekpersonalet rett til å sjekke opptak gjort av kamera i foajé og inne i biblioteket.
Er du brukar av biblioteket utanom bemanna opningstid og opplever problematisk åtferd frå andre besøkande, kontakt oss på tlf 35 07 56 65. 

Avdeling Høydalsmo ligg på Høydalsmo skule. 
 

Lånereglar

Alle har rett til å låne gratis frå biblioteket. Institusjonar blir registrerte ved ein ansvarleg person. Barn under skulepliktig alder låner på føresette sitt lånekort.

Lånetida er normalt 4 veker. Lånetid for film og tidsskrift er 2 veker og for språkkurs 6 veker. For materiale innlånt frå andre gjeld lånereglane til eigarbiblioteket. 

Dersom materialet ikkje er reservert, kan lånet vanlegvis bli forlenga inntil tre gonger. Fornying kan skje ved frammøte på biblioteket, via telefon, e-post eller internett – logg inn med lånenummer/epost og PIN-kode via heimesida.

Materiale som er utlånt kan bli reservert. Du får melding når materialet kjem og må då hente innan 14 dagar.

Fjernlån: Bøker o.a. vi ikkje eig sjølve prøvar vi å skaffe frå andre bibliotek. For slike lån gjeld lånereglane til eigarbiblioteket, inkludert satsar for erstatning/gebyr. Reglane finn ein gjerne på eigarbiblioteket sine heimesider. 

Lånaren er ansvarleg for det som blir lånt på eige lånekort. Hugs lånekort når du skal låne.
Meld adresseendring og tap av lånekort til biblioteket. Lånaren har plikt til å gjere seg kjent med lånarreglementet
 

Bøker o.a. som ikkje er levert før lånetida er ute, vert purra. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast etter fastsette satsar, eventuelt kan lånekortet bli sperra til saken er oppgjort. 

Film lånt på biblioteket er til privat bruk. Det er lånaren sitt 
ansvar å fylgje aldersmerking. Biblioteket er ikkje ansvarleg for skade på teknisk utstyr ved bruk av lånt materiale

Fråsegn om personvern

Tokke bibliotek har ansvaret for at dei personopplysningane vi får, blir handsama i samsvar med personopplysningslova og dei lovene som gjeld til ei kvar tid. Har du spørsmål eller meiningar om fråsegna om personvern, inkludert eigne rettar etter lova, kan du kontakte oss HER.

Lånehistorikk og lånedata – personopplysningar i biblioteksystemet

For å låne bøker og andre medium, må du ha eit lånekort som du får ved å registrere deg som lånar i biblioteksystemet vårt, Mikromarc, og/eller appen eBokBib. Ein avtale med systemleverandøren sikrar at andre ikkje kan bruke personopplysningane utover det biblioteket, som ansvarleg for handsaminga, har bestemt.

Fråsegna om personvern frå systemleverandøren av Mikromarc, Bibits.

Fråsegna om personvern frå leverandøren av eBokBib, Biblioteksystemer.

Det er valfritt om du ynskjer at biblioteket skal lagre historikk om tidlegare lån. Lånehistorikken vert lagra om du ber spesifikt om det sjølv. Du kan når som helst avslutta medlemskapen din ved å kontakte oss. Uteståande lån må du levere før du kan avslutte medlemskapen.

Personopplysningane vert lagra hos biblioteket så lenge det er eit sakleg behov, og uansett ikkje lenger enn krava i personvernlovene. Dei vil då bli anonymiserte eller sletta. Du har til ei kvar tid rett til å sjå dei opplysningane som er registrerte om deg, og du kan krevja retting, sletting og rett til avgrensing av handsaming i samsvar med gjeldande personvernlover. Dersom du ønskjer noko av dette, kan du når som helst kontakte oss på e-post.